23 000 nordmenn har speleproblem. – Hjelpelinjen er eit viktig lågterskeltilbod for spelarar og pårørande, og vi er glade for at vi har fått på plass vidare drift, seier Lars Petter Degnepoll i Lotteritilsynet.
Stadig fleire tar kontakt med Hjelpelinjen. I 2022 hadde dei 825 samtalar, og det er fleire enn i 2021. Tidlegare i år varsla Sykehuset Innlandet at dei ikkje lenger ønsker å drifte tilbodet, og no har Lotteritilsynet inngått avtale med Blå Kors frå 2024.
– Blå Kors har jobba med spelproblematikk lenge, og er godt rusta til å ta over Hjelpelinjen. Dei har også signalisert at dei vil drifte Hjelpelinjen frå Hamar, slik det er i dag, og ha med dei dyktige folka som jobbar der no, seier Lars Petter Degnepoll, seniorrådgivar i Lotteritilsynet.
I dag driv Blå Kors polikliniske behandlingar i Oslo, Skien og Haugaland, som er spesialiserte på behandling av penge- og dataspelavhengigheit.
No etablerer dei satsinga «Blå Kors spillavhengighet». I tillegg til å ta over Hjelpelinjen skal dei også ta over Fjernbasert behandling for speleavhengige.
– Blå Kors har lang erfaring med behandling av ulike avhengigheitsproblem, inkludert pengespelavhengigheit, og vi ønsker å utvide arbeidet vårt på dette området, seier Trine Stensen, generalsekretær i Blå Kors, i ei pressemelding.
Hjelpelinjen kan vere starten på å legge speleproblem bak seg
Om lag 23 000 nordmenn har speleproblem, viser ei befolkningsundersøking Universitetet i Bergen gjorde på oppdrag frå Lotteritilsynet i 2022. 93 000 er i risiko for å få det. Speleproblem kan ramme både spelaren og heile familiar hardt.
– Vi har inntrykk av at det ofte kostar å oppsøke hjelp, og det er mykje skam knytt til speleproblem. Derfor er lågterskeltilbod som Hjelpelinjen viktig. Ein kan ta kontakt anonymt, og få hjelp til kva ein skal gjere vidare. Det finst hjelp. Ein kan komme seg ut av problema, og ein telefon til Hjelpelinjen kan vere starten på å legge problem bak seg, seier Degnepoll i Lotteritilsynet.