Om lag 23 000 nordmenn har problemer med pengespel og omtrent 93 000 er i risikosona, viser ei ny undersøking. – Nedgangen er så stor at det ikkje er tvil om at arbeidet med å stanse ulovlege pengespelselskap har effekt, seier avdelingsdirektør Henrik Nordal.

Talet på nordmenn som har speleproblem er halvert sidan førre befolkningsundersøking i 2019. Då hadde 55 000 nordmenn speleproblem og 122 000 var i risikosona for å få det.

– Mobiltelefonen har gjort pengespel mykje meir tilgjengeleg. Då skulle vi tru at fleire ville få speleproblem, men no ser vi at vi greier å beskytte mange spelarar med effektive tiltak. På same tid er speleproblem forferdeleg for dei det gjeld, og vi skal fortsette å jobbe målretta med å førebygge problem med pengespel.

Det er truleg fleire årsaker til den store nedgangen.

– Stadig fleire banker stoppar innskot og gevinst til og frå dei ulovlege selskapa og den ulovlege TV-reklamen er stansa. På same tid er tapsgrensene til Norsk Tipping sine kasinospel stramma inn. Vi trur også at Gjeldsregisteret har ført til at færre får problem.

Koronapandemien førte til mindre tilgang til visse typar pengespel, og det kan ha hatt varig effekt og ført til at færre har problem.

Mykje mindre pengespelreklame

Undersøkinga, som Universitetet i Bergen har gjort på oppdrag frå Lotteritilsynet, viser at spelarane ser mindre reklame for pengespel i alle kanalar. Dette gjeld både lovlege norske pengespel og pengespel tilbudt av ulovlege aktørar. Frå nyttår forsvann den ulovlege TV- reklamen.

– Vi veit at det voldsomme reklametrykket frå ulovlege spelselskap som Unibet, Betsson og ComeOn på TV-kanalar som TVNorge, TV3 og Viasat, førte til at nordmenn var usikre på eller ikkje visste kva selskap som har lov til å tilby sine tenester i Noreg. Vi ser no at dette er i ferd med å snu og at fleire veit kven som har lov å tilby pengespel.

Dei som har svart på undersøkinga fortel om meir reklame for ulovlege spelselskap enn for Norsk Tipping og Norsk Rikstoto. Den viser også at risiko- og problemspelarar blir meir eksponerte for reklame enn dei som ikkje har pengespelproblem.

– Dette er truleg fordi dei som har speleproblem er meir merksam på pengespelreklame. Dei som spelar pengespel på nett vil også bli meir eksponert for slik reklame.

Stadig fleire bankar stoppar innsats og gevinst til ulovlege selskap

Forbodet mot å formidle pengar til og frå ulovlege spelselskap er stramma til og er blitt meir effektivt. Norske bankar og andre som har betalingstenester skal stoppe pengeoverføringar til og fra spelselskapa. Dette gjeld både innsatsen spelarane set inn og gevinstar til spelaranes bankkontoar.

– Vår jobb er å ha tilsyn med dette forbodet og vi ser at stadig fleire bankar og finansinstitusjonar har gode rutinar og gjer det vanskelegere for dei ulovlege spelselskapa.

Etableringa av Gjeldsregisteret har dessutan ført til at det er blitt vanskelegere å opparbeide seg stor forbruksgjeld.

Norsk Tipping har i tillegg stramma inn tapsgrensene på sine kasinospel. I løpet av pandemien justerte dei maksimale tapsgrenser fra 10 000 i måneden, til 7 500 og til slutt 5 000 kroner, som fortsatt gjeld i dag.

– Fleire spelarar vel Norsk Tipping sine spel fordi det er blitt vanskelegare å spele hos dei ulovlege spelselskapa. Vi ser også at fleire utanlandske aktørar er i ferd med å trekke seg ut av Noreg på grunn av strengare regulering.

Det at du kan tape maksimalt 5 000 kroner i månaden på kasinospel og ikkje spele bort hundretusener hos dei ulovlege, har truleg ein positiv effekt.

Les meir om undersøkelsen «Omfang av penge- og dataspillproblemer i Norge».

Fakta om undersøkinga

Omfang av penge- og dataspillproblemer i Norge er gjennomført av SPILLFORSK ved Universitetet i Bergen på oppdrag frå Lotteri- og stiftelsestilsynet.

  • 61,8 prosent av nordmenn spelar pengespel
  • Om lag 23 000, eller mellom 16 000 og 30 000 nordmenn har speleproblem, talet er halvert sidan førre undersøking i 2019 
  • Om lag 93 000 eller mellom 79 000 og 107 000 er i risikosona, dette er ein nedgang frå om lag 122 000 i førre undersøking. 
  • Eksponering for pengespelreklame har gått ned i alle kanalar.
  • Pengespelproblem er hyppigast hos unge menn med låg sosioøkonomisk status 
  • Problemspela er først og fremst Belago, databingo i lokale, Fantasy og utanlandske kasinospel. 
  • Kvinner, yngre og dei med speleproblem er mest positive til ansvarligheitstiltak. 
  • Eit nytt instrument for å måle skade er tatt i bruk. Det viser at også personar som er klassifisert som normalspelarar opplever skade.

Undersøkinga i 2022 er den fjerde undersøkinga i løpet av dei siste ti åra. Tidlegare har omfanget av speleproblem blitt kartlagt i 2013, 2015 og 2019.