Lotteritilsynet har gjort vedtak om pålegg av stans av det ulovlege pengespeltilbodet til BML Group og varslar samtidig om tvangsmulkt. Selskapet står bak blant anna spelsidene Betsson, Betsafe og Nordicbet.

Den 18. juni 2021 fikk BML Group førehandsvarsel fra Lotteritilsynet. Etter det har selskapet via advokatfirmaet Schjødt kome med sine innsigelsar til varselet som Lotteritilsynet har svart ut i vedtaket.

BML Group har ikkje løyve frå norske myndigheiter til å tilby pengespel i Noreg og vårt tilsyn viser at deira pengespilltilbod er klart retta mot den norske marknaden.

Fristen for å rette seg etter vedtaket er tre veker fra vedtakets dato, altså 25. mars 2022.

I brevet førehandsvarsler også Lotteritilsynet BML Group om tvangsmulkt dersom dei ikkje rettar seg etter pålegget om å stanse å tilby pengespel i Noreg utan norsk løyve.

Les heile vedtaket med pålegg om stans av ulovleg pengespilltilbod i Noreg og førehandsvarsel om vedtak om tvangsmulkt her.