Medietilsynet pålegg tv-distributørane å stoppe marknadsføringa av utanlandske, ulovlege pengespel på Discovery sine tv-kanalar. – Å stoppe tv-reklamen er viktig for å stoppe rekrutteringa til ulovlege pengespel. Og for å redusere speleproblema hos nordmenn. Dette er ein milepæl, seier Henrik Nordal i Lotteritilsynet.

Medietilsynet har no vedtatt at tv-distributørane Telenor, Telia, Altibox, RiksTV og Allente må stoppe pengespelreklamen som blir sendt på Discovery sine tv-kanalar.  

På tv-kanalane FEM, VOX, MAX og Eurosport Norge blir det nemleg sendt reklame for Unibet, Betsson, Nordicbet og Betsafe. Dette er utanlandske spelselskap som ikkje har lov til å tilby pengespel i Norge. Å reklamere for desse pengespela er forbode etter norsk lov. 

No har Medietilsynet gjort vedtak som gjer at dei må stoppe å sende reklamen, med frist 15.august i år til å følge pålegget. Henrik Nordal er avdelingsdirektør for pengespel i Lotteritilsynet. 

– Vi har jobba med å stoppe den ulovlege reklamen i fleire år. Difor er vi veldig glade for at Medietilsynet no gjer vedtak som pålegg norske tv-distributørar å gripe inn og stoppe den ulovlege marknadsføringa, seier Nordal. 

Jobbar frå fleire kantar 

Vedtaka frå Medietilsynet kjem kort tid etter at Lotteritilsynet har varsla tvangsmulkt mot dei same spelselskapa. I februar varsla Lotteritilsynet selskapet Trannel, som blant anna står bak nettspelsida Unibet, om at dei kan få tvangsmulkt på 1,2 millionar per dag om ikkje speltilbodet i Norge blir stansa.  

BML Group står bak blant anna spelsidene Betsson, Nordicbet og Betsafe. I starten av mars gjorde Lotteritilsynet vedtak om at dei må stoppe det ulovlege tilbodet. Samtidig blei selskapet varsla om at dersom dei ikkje rettar seg etter pålegget, vil Lotteritilsynet pålegge dei tvangsmulkt. 

– No tar myndigheitene grep samla. Desse selskapa operer utan løyve i Norge, men tener kvar dag millionar på spelarar som grenselaust kan spele seg frå heim og familie, seier Nordal. 

Målet er mindre press på dei sårbare

Pengespelreklamen på TV er ei avgjerande årsak til at så mange som seks av ti nordmenn ikkje veit eller er usikre på kva pengespel som er tillate i Norge og ikkje.  

Henrik Nordal
Henrik Nordal er avdelingsdirektør for pengespel i Lotteritilsynet. Foto: Dagrun Reiakvam

– Å få stoppa den ulovlege marknadsføringa av pengespel på TV vil ha fleire positive effektar. Det vil forebygge speleproblem og bidra til å flytte fleire norske spelarar over til eit trygt og ansvarleg speltilbod i Norge. Det er i tråd med dei overordna måla med reguleringa av pengespel i Norge, seier Nordal. 

Den siste befolkingsundersøkinga viser at det er 55.000 problemspelarar i Norge. Problemspeling kostar samfunnet fem milliardar kroner kvar år, viser ein fersk rapport frå Universitetet i Bergen

– Utanlandske spelselskap tener mykje pengar på norske problemspelarar, mens spelarane, pårørande og det norske samfunnet sit att med kostnadane. No bør spelselskapa, norske tv-distributørar, tv-kanalar og ambassadørar for selskapa nytte høvet til å stoppe vidare samarbeid. Slik kan ein ta samfunnsansvar, og bidra til å redusere ulovleg pengespel i Norge, avsluttar Nordal. 

Dette er saka

Ifølge pengespellovgivinga, som Lotteritilsynet har ansvar for, er det forbode å marknadsføre pengespel som ikkje har løyve til å tilby spel i Norge.   

Frå 1.januar 2021 kom det ein ny regel i kringkastingslova: Den gjer det mogleg for Medietilsynet å pålegge norske tv-distributørar å hindre eller vanskeleggjere tilgangen til marknadsføring på tv for pengespel som ikkje har løyve i Norge.  Målet er å skjerme forbrukarane mot marknadsføring frå selskap som ikkje har løyve til å tilby spel i Norge.