Pengespelselskapa dreiv ulovleg marknadsføring på Facebook. No er sidene fjerna.
Pengespelselskap utan løyve til å marknadsføre seg i Noreg bryt stadig norsk lov, og reklamerer i fleire ulike kanalar.
Etter at Lotteritilsynet gjorde Facebook merksame på 36 sider med ulovleg marknadsføring er dei no fjerna. Facebook-sidene var retta mot nordmenn. Dei var på norsk, og oppfordra nordmenn til å registrere seg som spelarar hos pengespelselskap som ikkje har løyve til å tilby pengespel i Norge.
-Denne marknadsføringa bryt mot det norske regelverket og Facebook sine eigne retningslinjer. Det er også slik at mange nordmenn er på Facebook, og spelselskapa kan potensielt nå mange der med ulovleg reklame, seier Monica Alisøy Kjelsnes, seniorrådgjevar og jurist i Lotteritilsynet.
Det er Coolbets sider om Kommunepoker og Vennepoker, ComeOn, Guts, Norgesautomaten, Vera & John og Pokio sine Facebook- sider som er fjerna.
Effektivt verkemiddel
Lotteritilsynet har i fleire år rapportert om ulovleg marknadsføring til Facebook, og bedt dei undersøke om dei er i strid med retningslinjene. Facebooks eigne retningslinjer er tydelege på at pengespelselskapa må ha nødvendig løyve til å tilby pengespel i det aktuelle landet dei marknadsfører seg mot.
– Lotteritilsynet er veldig positive til at Facebook fjernar sider og annonser med reklame for pengespel som ikkje har løyve i Norge, og ser på dialogen med Facebook som eit effektivt verkemiddel for å redusere tilgangen til ulovlege pengespel, seier Kjelsnes.
-Facebook er berre ein av kanalane dei brukar
Facebook er ikkje den einaste kanalen spelselskap utan lov til å marknadsføre eller tilby pengespel i Noreg brukar for å nå nordmenn.
– Dei har TV- reklamar, internettsider, brukar sponsoravtalar og pressemeldingar. Slik jobbar dei for å legitimere og oppretthald eit ulovleg tilbod.
I vår vart forbodet mot TV- reklamen stramma inn.
– Stortinget har vedtatt endringar i kringkastingslova, som skal gjere det enklare å stoppe ulovleg pengespelreklame på TV. Lovendringa trer i kraft 1. januar 2021. At det blir vanskelegare for dei ulovlege pengespelselskapa å reklamere på TV kan føre til at dei forsøker å trappe ytterlegare opp ulovleg reklame i andre kanalar. Det kjem vi til å følgje nøye med på, seier Kjelsnes.