Lotteri- og stiftelsestilsynet har opna for søknadar om straumstøtte, søknadsfristen er 7. september klokka 13:00.
Ordninga gjeld i perioden april 2022 til mars 2023, og vi legg opp til ei søknadsrunde kvart kvartal. Det kan no søkast om støtte for perioden april-juni 2022.
Formålet med straumstøtteordninga er å motverke negative konsekvensar av dei høge straumprisane.
– Straumstøtteordninga gjeld for organisasjonar med straumforbruk med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i søknadsperioden. Mottakarar får dekt 80 prosent av prisforskjellen mellom 70 øre per kWt og den månadlege gjennomsnittsprisen, seier Marianne Skjeldestad Hove, avdelingsdirektør for frivilligheitsstøtte.
Kven kan søke?
Søkar må ha organisasjonsnummer for å kunne søke, og desse organisasjonane har rett til å søke:
- Verksemder som er registrerte i Frivilligregisteret. Vi oppfordrar organisasjonar som oppfyller kriteria, til å registrere seg.
- Verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligregisteret, kan søke dersom eigarar/medlemmer med bestemmande innverknad er registrerte i Frivilligregisteret. Dette gjeld til dømes idrettslag som har skilt ut drifta i eit eige selskap som ikkje er registrert i Frivilligregisteret, der idrettslaget har den bestemmande innverknaden.
- Andre frivillige verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligregisteret, kan motta støtte dersom verksemda hovudsakleg er driven av frivillig arbeidsinnsats og det ikkje er høve for privatpersonar eller kommersielle føretak å oppnå økonomiske fordeler frå verksemda. Med frivillig arbeidsinnsats meinar vi menneske som bidrar utan løn eller anna form for økonomisk motyting, verken no eller i framtida. Til dømes kan frittståande kyrkjelyds- og forsamlingshus under Den norske kyrkja, grendehus og lokale forsamlingshus søke om dei hovudsakleg er drevet av frivillig arbeidsinnsats.
Tidlegare var det kommunane som forvalta straumstøtteordninga, men dette blir no gjort av Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Les meir om vilkåra for ordninga og korleis du kan søke her.