Stor risiko med utanlandske nettkasino

Ei ny befolkningsundersøking om penge- og dataspelproblem i Norge vart lagt fram av Lotteritilsynet i dag. Den viser at det er 122.000 risiko- og problemspelarar i den norske befolkninga, noko som er omtrent på same nivå som i 2013, før Norsk Tipping lanserte sine kasinospel. Samtidig viser undersøkinga at det er stor risiko med utanlandske nettkasino.

Undersøkinga, som er gjort av Universitetet i Bergen, viser at halvparten av dei som spelar på utanlandske nettkasino er risiko- og problemspelarar, noko som er ei auke siden sist måling. I 2013 var tilsvarende
tal 1 av 3.

Bekymra over auke

Befolkningsundersøkinga viser at vi har lykkast i å føre ein ansvarleg spelpolitikk i Norge, meiner direktør for Lotteritilsynet, Atle Hamar. Samtidig er han bekymra over auken i risiko- og problemspelarar på utanlandske nettkasinoer.

– Vi får signal om dette frå fleire hald, og vi ser at marknadsføringa frå utanlandske spelselskap aukar kraftig. Eit av funna i undersøkinga er at risiko- og problemspelarar brukar meir pengar og spelar med høgre risiko som følgje av reklame, seier han.

Kraftig auke i marknadsføring

Sjølv om utanlandske pengespelselskap ikkje har lov til å tilby spel eller marknadsføre seg i Norge, har desse selskapa auka si marknadsføring kraftig sidan den forrige undersøkinga i 2013. Grunnen til at dei får det til er at fleire av TV-kanalane vist i Norge sender frå England, og at internett er ein global marknadsføringskanal som det er vanskeleg å regulere.

– Frå 2013 til 2015 vart tal TV-reklamevisningar for utanlandske pengespel meir enn dobla. I 2015 hadde pengespelselskapa dagleg meir enn 1500 reklamevisningar i døgnet, som vil seie 62 i timar i snitt. Resultatet er at 95 % av dei mellom 16-25 år oppgir å ha vore eksponert for pengespelreklame det siste året, seier Atle Hamar, og legg til:

– I tillegg har bruken av bloggarar og kjendisambassadørar skutt fart. Kombinerer vi dette med bruk av persondata for å nå fram til kvar enkelt brukar i digitale media, ser vi konturane av ein skummelt effektiv marknadsføringsstrategi. Dette gjeld særleg når vi veit at yngre og dei som slit med speleavhengigheit er dei som blir mest påverka av reklame for pengespel.

Norske spelarar er positive til ansvarlege pengespel

Til trass for at dei utanlandske spelselskapa er så synlege, viser den siste befolkningsundersøkingan at mange norske spelarar er positive til at det blir brukt tapsgrenser og andre tiltak for å gjere norske pengespel meir ansvarlege.

Direktør Atle Hamar gler seg over at mange norske spelarar stiller seg positive til at myndigheitene ønskjer å tilby ansvarlege pengespel.

– Norge er heilt i front i bruken av slike verkty som skal førebygge at spelarane utviklar uheldig speleåtferd. Dei utanlandske spelselskapa brukar til gjengjeld metodar som verving, VIP-klubbar, bonusar og lojalitetsprogram for å halde på spelarane så lenge som mogleg i sitt nettverk av ulike spelprodukt og nettsider. Dette bidreg i verste fall til at fleire blir speleavhengige, og at dei som allereie er speleavhengige, vil spille bort endå meir pengar, seier Hamar.

Reell fare for fleire speleavhengige

Med det intensiverte og ulovlege marknadsføringspresset vi no ser frå dei utanlandske spelselskapa, meiner Lotteritilsynet det er ei reell fare for at talet på speleavhengige vil auke i årena som kjem.

– Ser vi på omsetninga til dei utanlandske pengespelselskapa så utgjer den i overkant av 10% av den totale pengespelmarknaden. Samtidig utgjer dei utanlandske pengespelselskapa over 50% av samtalane til Hjelpelinja, seier Hamar.

Vil stoppe dei utanlandske

Lotteritilsynet vil nå intensivere informasjons- og tilsynsarbeidet framover. Dei vil auke trykket på betalingsformidlingsforbodet, bli meir offensive i tilsynssaker, få til betre informasjon og dialog i fleire kanalar, skaffe til veie meir forsking og kunnskap og samarbeide godt med andre myndigheiter både nasjonalt og internasjonalt.

– Vi har eit lovverk som skal beskytte dei 122.000 risiko- og problemspelarane her i landet. Ved å ta i bruk alle verkemiddel utfordrar dei utanlandske pengespelselskapa norsk lov på ein respektlaus måte. Vi skal no gå lenger enn vi har gjort tidligare for å få folk til å forstå kva som er lov og ikkje lov, seier Atle Hamar, direktør i Lotteritilsynet.

Kontaktpersoner:

Kommunikasjonsdirektør i Lotteritilsynet Anne Mette Hjelle, tlf.nr. 992 84 302 e-post amh@lottstift.no

Direktør Atle Hamar, tlf.nr. 992 84 300 e-post aha@lottstift.no

Last ned befolkningsundersøkelsen.

Les meir om kva som er ulovleg i Norge.

Her kan du sjå Atle Hamar sin presentasjon.