– Vi skal betale ut puljevis, så kultursektoren får hjelp så fort som mogleg, seier Marianne Skjeldestad Hove, avdelingsdirektør for frivilligheitsstøtte.

Søknadsfristen i kompensasjonsordninga for arrangørar og underleverandørar i kultursektoren gjekk ut 1. mai.

Ordninga dekkar tap knytta til kulturarrangementer som blei avlyste, stengde eller nedskalerte på grunn av covid-19 i perioden frå november 2021 og ut februar 2022.

Det totale søknadsbeløpet er 208 millioner kroner. Arrangørar og underleverandørar har til saman søkt om kompensasjon for over 14500 kulturarrangement. Ein del arrangørar eller underleverandørar har søkt om kompensasjon i forbindelse med det same arrangementet.

– Vi er allereie godt i gang med saksbehandlinga, og målet vårt er at første pulje får utbetalt pengane i andre halvdel av mai, seier Marianne Skjeldestad Hove, avdelingsdirektør for frivilligheitsstøtte i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Alle vedtaka skal vere ferdige i juni.

– Vi behandlar sakene fortløpande, og siste pulje får pengane seinast i starten av juli.

Film og konsert største kategoriar

Marianne Skjeldestad Hove
– Saksbehandlingen er godt i gang, sier Marianne Skjeldestad Hove, avdelingsdirektør for frivillighetsstøtte.

Ser vi på tal arrangementer det er søkt om kompensasjon for, så utgjer film størstedelen med 8023 arrangement. Vidare er det søkt om støtte til 4653 konsertar.  

– Det er stor breidde i arrangementa det er søkt om. Eit arrangement kan vere alt frå ei visning av ein kinofilm på bygdekinoen til ein stor konsert. For desember ser vi at det er kome inn ein del søknader for avlyste eller nedskalerte julekonsertar, forklarar Hove.

Når man ser på tidspunkta for arrangementa, skil desember seg ut med spesielt mange arrangement i helgane. Toppen var 18. desember, der det er søkt om støtte til 809 arrangementer.

Slik fordelar arrangementa seg etter kategori:

  • 8023 filmar
  • 4637 konsertar
  • 755 teater
  • 622 stand-up
  • 111 danseforestillingar
  • 75 kunstutstillingar
  • 39 museum
  • 20 litteraturarrangement
  • 187 arrangement er i kategorien anna arrangement

Søknadsbeløp over 200 000 kroner

I 22 prosent av søknadane er det søkt om over 200 000 kroner.  

Dei som søker for over 200 000 kroner samla må ha bekreftelse frå ein revisor eller autorisert rekneskapsførar.