24 055 frivillige lag og organisasjonar vil før jul få utbetalt momskompensasjon på til saman 1,42 milliardar kroner. I 2018 er avkortinga 25,5 prosent av det godkjende beløpet.
Endå fleire lag får i år
Nær 600 fleire lag og organisasjonar får momskompensasjon i 2018 samanlikna med 2017. Dette viser at ordninga blir stadig betre kjend, og at vi dermed når ut til fleire lokale lag og foreiningar.
Godkjent søknadsbeløp for 2018 var på 1,91 milliardar kroner mot 1,81 milliardar i 2017. Avkortinga i år blir difor på 25,5 prosent mot 27,2 prosent i fjor. Sentralledd som har søkt på vegner av underledd og aksjeselskap fordeler pengane vidare etter eigne rutinar innan 3 veker etter vedtak om tildeling. Rekneark med oversikt over kva beløp som skal fordelast vidare til det enkelte underledd og aksjeselskap vil bli sendt ut til sentralledda i starten av veke 50.
Pengane på konto før jul
Utbetaling av momskompensasjonen for 2018 skjer medio desember.
Her finn du