illustrasjon rød

Lotteritilsynet åtvarar mot Cash FX

Vi får mange tips og henvendelsar med spørsmål om Cash FX kan vere eit ulovleg pyramidespel. Vårt beste råd er å halde seg unna dette selskapet.

Det som kjenneteiknar pyramideliknande verksemd er at nokon lovar deg at du skal tene mykje pengar på kort tid ved å selje produktet deira vidare til venner og familie, og at dei også blir verva og skal tene pengar på å verve vidare. Det er ofte betalt pengar, utan at ein får handfaste produkt i retur.

Vi har fått mange tips og henvendelsar den siste tida om Cash FX Group. Mange spør om det kan vere eit ulovleg pyramidespel.

-Tipsa vi har fått handlar om at det i hovudsak ligg inntekt gjennom verving av deltakarar, og det er uklart kva som er det reelle produktet. Vi har ikkje hatt tilsyn og konkludert med at Cash FX er eit ulovleg pyramidespel, men ut i frå opplysningane vi har fått hittil ser vi at det har fleire likheitstrekk med ulovleg pyramidespel, seier Monica Alisøy Kjelsnes, seniorrådgjevar i Lotteritilsynet.

Dei fleste selskapa vi får henvendelsar om for tida tilbyr ei form for investering, utan å ha konsesjon til det.

-Det vi har sett i dei siste sakene vi har hatt tilsyn med, er at verving ofte skjer gjennom personar ein har tillit til og stolar på, som vener og folk ein kjenner. Det kan framstå veldig profesjonelt og seriøst, og det blir ofte gitt uriktige opplysningar om kva dette er. Nokre blir lurt til å bli med, men så er det også nokre som blir med vel vitande om kva det er, og tenker at dei kan tene store pengar.

Finanstilsynet åtvarar

I september i fjor gjekk Finanstilsynet ut med ei tydeleg åtvaring mot å investere i Cash Fx Group, fordi dei ikkje har godkjenning til å drive investeringstenester i Noreg.

Økokrim åtvarar spesielt mot investeringsbedrageri og pyramidespel generelt i ei ny trusselvurdering.

Dei skriv mellom anna:

«Investeringsbedrageri innebærer at privatpersoner eller foretak blir forledet til å investere i prosjekter eller produkter som er verdiløse eller ikke-eksisterende. Sosial manipulering er en sentral del av bedrageriprosessen.»

Det er forbudt å opprette, drive, delta i eller utbreie pyramidespel eller liknande system, og ved brot på regelverket kan ein risikere straff.

-Alvorlege brot på pyramideregelen har vore etterforska av politiet tidlegare, og det finst fleire dommar der personar er dømde, seier Kjelsnes.

Har du blitt kontakta av nokon som driv med direktesal og vil rekruttere deg som medlem?