Lotteritilsynet skal gjennom ei spørreundersøking skaffe seg informasjon om korleis bankene stoppar pengepremiar og innskot frå ulovlege utanlandske spelselskap, og kva slags tilnærming bankane og finansinstitusjonane har til speleproblem.
Spørjeundersøkinga vil bli sendt ut til 170 bankar i løpet av sommaren. Undersøkinga vil danne eit viktig grunnlag for korleis Lotteritilsynet kjem til å jobbe med betalingsformidlingsforbodet vidare.
– Denne kunnskapen skal vi bruke til å begrense det ulovlege pengespeltilbodet. Basert på den innsamla informasjonen skal vi komme med tiltak som forebygger og reduserer skadeverknadane av speleproblem, seier seniorrådgjevar og jurist i Lotteritilsynet, Silje Sægrov Amble.
Bankane sin kontakt med kundane blir kartlagt
Lotteritilsynet skal undersøke om bankane har kontroll på transaksjonar som går mellom utanlandske pengespelselskap, som ikkje har lov å tilby spel i Norge, og norske bankar.
– Vi ønskjer også å finne ut korleis bankane har kontakt med kundar som spelar på utanlandske ulovlege speleselskap, og korleis bankane informerer om betalingsformidlingsforbodet som stoppar bankane i å utbetale pengepremiar, seier Amble.
Kartlegginga er også eit ledd i Regjeringas nasjonale handlingsplan mot speleproblem, der ein viser til at informasjonsarbeid retta mot finansinstitusjonar skal styrkast.
Ønskjer å gjere forbodet effektivt
Den 1. januar 2020 vart det sett i verk endringar i forskrift om forbod mot spelbetalingsformidling. Endringane har som mål å gjere forbodet mot betalingsformidling for pengespel som ikkje har norsk løyve meir effektivt, for å begrense ulovleg pengespeltilbod.
Ei undersøking frå Universitetet i Bergen viser at rundt 45 000 spelarar hos utanlandske kasinospel er problem- eller risikospelarar.
– Vi håpar bankane og finansinstitusjonane vil bidra med denne viktige informasjon for å førebygge speleproblem som skjer hos dei ulovlege utanlandske speleselskapa, seier Sægrov Amble.
Undersøkinga som blir sendt ut er anonym, og data som Lotteritilsynet mottar for analyseformål vil ikkje innehalde informasjon som kan bli spora tilbake til den verksemda som har svart.