Kundar har truleg lånt vekk eller delt kundekonto med personar under 18 år.  

Ein bank tipsa Lotteritilsynet om at det var overført eit forholdsvis stort pengebeløp frå  ein mindreårig til Norsk Tipping. Fra 1. januar 2024 til no har Norsk Tipping fått tips om 21 liknande saker.  

Aldersgrensa for å spele hos Norsk Tipping er 18 år. 

Opplysningane så langt tyder på at det er kundar som lånar ut eller deler kundekontoen sin med personar under 18 år, og at det ikkje er slik at mindreårige har fått oppretta kundeforhold hos Norsk Tipping. 

– Det er for tidleg å slå fast kva som har skjedd. Vi vil undersøke saka nærare og har bedt Norsk Tipping om meir informasjon,  seier Tore Bell, avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.

Les brevet Lotteritilsynet har sendt til Norsk Tipping (PDF).