Fleire bingohallar har vore stengde i delar av 2021 på grunn av koronarestriksjonar. No gir Lotteritilsynet dispensasjon frå omsetningskravet som ligg til grunn for oppstilling av databingoterminalar neste år.

Koronarestriksjonar har ført til at både etablerte og nye bingohallar ikkje når omsetningskravet som gjeld for å kunne ha oppstilt databingoterminalar i 2022. For etablerte bingohallar er dette kravet på 2 millionar kroner årleg. For nyetablerte bingohallar er grensa på 1 million kroner i hovudspelet i løpet av prøveperioden på seks månadar. I år gir Lotteritilsynet dispensasjonar frå desse krava.

Les meir om moglegheitene til å få dispensasjonar frå omsetningskrava i år.