– Det er ikkje spenninga fleirtalet av dei med speleproblem er ute etter, dei vil flykte frå noko, seier ein av dei fremste ekspertane på spelproblematikk i Norden.

Svenske Thomas Nilsson er psykolog, og var med å etablere Spelinstitutet i Sverige, med den første hjelpelinja i Norden for speleavhengige. Nilsson, Spilleavhengighet Norge og Hjelpelinjen besøkte dei tilsette i Lotteritilsynet og snakka om spelproblematikk.

Pengespel er både underhaldande og hyggeleg for dei fleste, men undersøkingar viser at mange tusen nordmenn misser kontrollen og får store problem. Det går så langt at spelinga dominerer livet, og korleis ein tenkjer, føler seg eller oppfører seg.

– Rundt 70 prosent av dei som får speleproblem brukar det som flukt frå traume i livet. Det er den største gruppa av dei som brukar spel. Dei som søkjer spenning finst, men det er kanskje berre 10-15 prosent, seier Nilsson.

– Det blir ein god plass å vere

I 2018 hadde Hjelpelinjen litt over 800 samtalar frå eller om spelarar. Der sit helsepersonell for å hjelpe menneske i krise eller deira pårørande. Dagleg leiar, Elisabeth Waage, fortel at spelarar mellom anna kjenner på skam og skuld. Nokre har psykiske plager, andre fysiske. Nokre isolerer seg og nokre har tankar om å døy.

Waage kjenner til at mange av dei som har speleproblem brukar spel som ei flukt frå noko.

– Dei flyktar inn i noko anna. Det kan vere frå ting i barndommen, ekteskapsproblem, nokre kjedar seg, eller er triste og leie seg, fortel Waage.

–  Nokre seier at når dei sit i spelbobla er dei så veldig inne i den. Då forsvinn alt som er vondt og vanskeleg. Det blir ein god plass å vere, på ein måte.

I Noreg finst det 34 000 problemspelarar, og ytterlegare 88 000 som står i fare for å bli det, viser Universitetet i Bergen si befolkningsundersøking frå 2016.

Lill- Tove Bergmo, dagleg leiar i Spillavhengighet Norge, fortel at mange av dei med speleproblem har ein kvardag mellom anna med gjeldsproblematikk, bekymringar for framtida, brot eller at dei er fortvila over å vere i situasjonen dei er i.

Trudde ikkje på det

Første gongen Thomas Nilsson møtte ein med speleproblem trudde han ikkje på det. Ein mann fortalde at han var avhengig av spel.

–  Det fanst ikkje på kartet. Ikkje i den akademiske verda.

Så såg han tilfeldig med eigne auge korleis den unge mannen stadig stod og spelte.

–  Det som endra alt var då eg møtte familien hans. Dei fortalde om dei negative konsekvensane. Då forstod eg at dette er alvor. Der begynte mitt arbeid som behandlar.

Dette var i 1987, og mykje har skjedd sidan den gong. Nilsson fortel at speleansvaret lenge var knytt til spelaren. At ein sjølv skulle løyse problemet. I dag er løysinga tredelt. Ein må sjå på spelaren, miljøet og spelet.

–  I dag har vi forstått at vi må regulere spel, innføre reglar. Korleis skal ei effektiv regulering sjå ut for å minske risikoen?

I arbeidet med dette har ein visse risikofaktorar ein kan sjå på.

–  Alder eller om nokon i familien spelar har noko å seie. Dess tidlegare ein byrjar å spele, dess større er risikoen. Ein kan også sjå på kor tilgjengelege spel er, eller hurtigheit, tida det går mellom innsats og gevinst.

Likevel.

– Kva som gjer at nokre får speleproblem og nokre ikkje er eit nobelprisspørsmål.