Lotteri- og stiftelsestilsynet melde mistanke om koronamisbruk til Økokrim. No er ein mann i 40-åra dømd til 90 dagar ubetinga fengsel og inndraging av ca. 126.000 kroner for koronasvindel. 

Mannen vart også dømd for forsøk på bedrageri, men utbetalinga vart stoppa av Lotteri- og stiftelsestilsynet.

I tillegg er mannen idømt rettigheitstap i fem år. Det vil seie at han verken kan drive sjølvstendig næringsverksemd, eller vere dagleg leiar, styreleiar eller styremedlem  i noko selskap, organisasjon eller foreining dei fem åra. 

Utnytta ordning for frivilligheita

Mannen som er styreleiar i ei kampsportforeining blei nyleg dømd i Søndre Østfold tingrett, for å ha utnytta ein av krisepakkane for frivilligheit- og idrettssektoren under pandemien i 2020.  

Under nedstenginga av samfunnet i 2020 blei det etablert effektive støtteordningar for å motverke dei negative konsekvensane av pandemien. Lag og organisasjonar var i økonomisk fare fordi tilnærma alle arrangement blei avlyste. 

Det var Lotteri- og stiftelsestilsynet som forvalta ordningane. 

– Det straffar seg å misbruke dei tillitsbaserte støtteordningane for frivilligheita, seier avdelingsdirektør Marianne Skjeldestad Hove i Lotteritilsynet.  

– Nødvendig å reagere strengt

Den dømde styreleiaren søkte om støtte via ordninga, og oppgav at det var planlagt å halde kampsportarrangement. Planane var ikkje reelle, og mannen sende blant anna inn fiktive budsjett og fakturaar. I søknadane oppgav han sitt private bankkontonummer, og fekk dermed utbetalt pengane til seg sjølv. 

Politiadvokat Johan Løken var aktor i saka. 

– Domfelte utnytta tilliten som var meint å redde frivilligheits- og idrettssektoren på eit spesielt tidspunkt i historia. Slike handlingar kan føre til at liknande ordningar i framtida må vere strengare, og dermed mindre effektive. Det vil gå ut over dei reelle eldsjelene. Derfor er det nødvendig å reagere strengt på dette, seier Løken i ei pressemelding frå Økokrim. 

I retten blei det fastslått at utbyttet til mannen vil bli inndratt. Dommen er ikkje rettskraftig. 

Fire dommar hittil

Pengane i støtteordningane skulle raskt ut, og det var tydeleg kommunisert at ordningane var baserte på tillit. Store deler av utbetalingane blei maskinelt godkjende, samtidig som tilsynet gjorde  manuelle kontrollar undervegs og i etterkant basert på risiko- og vesentlegheitsvurderingar. 

Totalt fekk 23.000 organisasjonar tilskot frå ordningane Lotteritilsynet forvalta. 

– Det er alltid risiko for misbruk av tillitsbaserte støtteordningnar. Under heile pandemien jobba vi målretta for å finne ein god balanse mellom rask utbetaling og forsvarleg kontroll, seier Skjeldestad Hove. 

Eit av tiltaka for å førebygge og avdekke misbruk  var jamleg dialog med Økokrim. Per februar 2024 er det avsagt dom i fire saker. Ei av sakene vart oppdaga av Eininga for finansiell etterretning (EFE) hos Økokrim, og tre av sakene vart meldt av oss. . 

Skjeldestad Hove håpar at dommen kan ha ein førebyggande effekt. 

– Dommane i desse sakene viser at misbruk, og forsøk på misbruk, kan få alvorlege konsekvensar. Totalt sett er det heldigvis svært få som har misbrukt ordningane for frivilligheita.