Nær 1,1 milliardar kroner til frivilligheita i krisepakke 2

Vi er no ferdige med alle søknadane i krisepakke 2. Nær 26 000 arrangement og annan aktivitet har fått koronastøtte.

I krisepakke 2 har frivillige lag og organisasjonar fått kompensert tapte inntekter på grunn av koronaavlyste, stengde eller utsette arrangement eller annan aktivitet. Krisepakken gjaldt i perioden 12. mars til og med 31. august 2020.  

Det er til saman betalt ut nær 1, 1 milliardar kroner til 25 615 arrangement og annan aktivitet.  

-Vi har betalt ut i puljar etter kvart som søknadane kom inn, for at frivilligheita skulle få hjelp så fort som mogleg. I dag startar siste utbetaling, seier Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.  

Søkarane kunne få kompensert inntil 70 prosent av søknadsbeløpet. Det kom inn 6803 søknadar før fristen, og 43 av desse er avslåtte og 37 trekte.  

Sjå oversikt over alle søkarar og utbetalingar i krisepakke 2.  

Sjå oversikt over alle som får utbetalt i siste pulje 

I krisepakke 1 og 2 har frivilligheita samla fått utbetalt over 1,3 milliardar kroner.  

 Mest til idretten 

Lag og organisasjonar i alle landets fylker har søkt om kompensasjon.  

-Både små og store frivillige organisasjonar og lag har søkt og fått kompensasjon. Den klart største gruppa har søkt om å få kompensert 100 000 kroner eller mindre, seier Hamar.  

Her er dei fem største kategoriane og kor mykje dei har fått utbetalt:   

  1. Idrett, 636 318 256 kroner
  2. Kultur og kunst, 153 170 857 kroner
  3. Rekreasjon og sosiale foreiningar, 66 422 635 kroner
  4. Trus- og livssynsorganisasjonar, 41 092 540 kroner
  5. Barne- og ungdomsorganisasjonar, 37 695 761 kroner