Ein ny koronakrisepakke for frivillige lag og organisasjonar er klar. Formålet med ordninga er å kompensere frivillige organisasjonar som har betydeleg inntektsbortfall frå eller , som følge av pålegg eller råd gitt av staten i samband med covid-19-utbrotet. Les forskrifta her. 

Krisepakke 2 gjeld for perioden 12. mars til og med 31. august 2020. Søkarane må vere registrerte i Frivilligregisteret.

Det kan søkast om: 

  • Tapte inntekter frå arrangement som skulle vore arrangerte i perioden (til dømes tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarknad eller kioskinntekter).
  • Tapte billettinntekter frå anna spesifisert aktivitet i perioden (til dømes museum, akvarium, kinoar eller idrettsanlegg).
  • Tapte utleigeinntekter i perioden (utleige av bygningar, anlegg, hytter, farty og andre rom og lokale).
  • Tapte inntekter som følge av at organisasjonen har mista oppdrag i tilknytning til eit arrangement eller annan spesifisert aktivitet i perioden.

Dette er ei tillitsbasert ordning. Søkar pliktar å gi opp korrekte opplysningar. Dersom søkar er i tvil om kva ordninga kan kompensere må dette avklarast før søknaden blir send.
Sjekk derfor ofte stilte spørsmål og svar i samband med ordninga før du søker.

Oppdatert søkarliste og utbetaling

Eventuelle uklarheiter, spørsmål og merknader i søknaden vil krevje skjønnsmessige vurderingar som kan føre til at fleire får utsett utbetalinga av kompensasjon. Dersom organisasjonen er ueinig i innretninga av ordninga, må spørsmål rettast til Kulturdepartementet, som har fastsett regelverket på bakgrunn av Stortinget sitt vedtak. Det vil bli gjennomført etterhandskontroll, og uberettiga eller for høg kompensasjon kan heilt eller delvis krevjast tilbake.

Denne ordninga har lengre tidsrom og dekker fleire tap av inntekter enn krisepakke 1, som kompenserte for tapte billettinntekter, deltakaravgifter og meirutgifter i perioden 5. mars til 31. april.

Start søknadsprosessen ved å trykke på lenka under. Det kjem først 10 ja/nei- spørsmål, der du kan sjekke om de kan søke på ordninga. Dersom de kan søke kjem du vidare til sida med søknadsskjemaet.

Sjekk om de kan søke kompensasjon.