Nær 1,7 milliardar i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar

Over 22 000 frivillige lag og organisasjonar får nær 1,7 milliardar kroner i momskompensasjon. Sjå oversikt over mottakarar og tildelt beløp.

Fordelinga av momskompensasjon på varer og tenester er klar. Frivillige lag og organisasjonar får utbetalt nær 1,7 milliardar kroner. Dette er nesten 75 millionar meir enn i fjor.

I år får mottakarane tildelt nær 81 prosent av den godkjente søknadssummen, mot 82 prosent i fjor.

Vi fekk inn 100 fleire søknader om momskompensasjon på varer og tenester i 2020, enn i 2019. Det er 600 fleire organisasjonar i år enn i fjor som får utbetalt kompensasjon.

Vedtak vert sendt til organisasjonen sin innboks i Altinn i løpet av veke 50, og utbetalinga av momskompensasjon for 2019 skjer denne veka.

Les også pressemelding frå Kulturdepartementet.