No blir det enklare og raskare å registrere stiftelsar i Stiftelsesregisteret. Nytt digitalt meldingsskjema blir lansert i dag.

Den nye løysinga er eit samarbeid mellom Stiftelsestilsynet og Brønnøysundregistera, og ligg i Altinn.

I den nye løysinga er det tydelegare for stiftelsane kva opplysningar som skal inn for å få registrert stiftelsen i Stiftelsesregisteret. Alle val for avkryssing ligg ferdig definerte inne i skjemaet. Skjemaet gjev også meir og tydelegare rettleiing.

-Vi er glade for å kunne tilby brukarane våre ei meir brukarvenleg løysing enn vi har hatt tidlegare. No håpar og trur vi det blir enklare for brukarane våre å registrere rett dokumentasjon og riktige opplysningar, seier Siw Heggedal Longvastøl, avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet.

Nokre nye opplysingar må fyllast inn

I det nye skjemaet er det også lagt inn nokre område stiftelsane må gje meir opplysningar om. Dette er opplysningar som tidlegare berre kunne lesast ut av vedtektene. Mellom anna er det tydelegare rubrikkar for å opplyse om kven som er opprettar og dei som har gjeve kapital til stiftelsen, samt kva andre organ stiftelsen har.

-At ein får inn dei riktige opplysningane allereie ved registreringa av stiftelsen er ein tryggleik for stiftelsane. Dei skal vare over tid, og det kan dukke opp spørsmål etter kvart. I slike tilfelle er det viktig å kunne gå tilbake til gode og riktige registeropplysningar.

Alle stiftelsar skal vere registerte i Stiftelsesregisteret

Alle stiftelsar skal vere registrerte i Stiftelsesregisteret. Skjemaet er mest aktuelt for dei som opprettar ein ny stiftelse, men også for dei som ikkje har fått registrert stiftelsen innan fristen på tre månadar.

Registreringa skal skje via samordna registermelding som tidlegare.

-Neste steg vil no vere å utvide løysinga for andre område der det skal sendast melding. I første omgang blir det jobba vidare med søknad om endring i vedtektene, seier Longvastøl.