Stiftelsane står for over 58 milliardar i verdiskaping årleg, viser den første norske kartlegginga av verdibidraga til stiftelsar og selskapa dei eig.

Det er 6300 stiftelsar i Noreg. Dei deler ut pengar, har aktivitetar og tilbyr tenester. Du har kanskje høyrt om sparebankstiftelsar, Stine Sofies Stiftelse, SINTEF eller Kirkens Bymisjon. Dei er nokre av de mest kjende stiftelsane i Noreg.

Norske stiftelsar og selskapa dei eig står for 58,4 milliardar i verdiskaping årleg, viser ei ny stor kartlegging Oslo Economics har gjort for Stiftelsestilsynet.  

– 58 milliardar er mykje, men sjå på alt som ligg bak tala. Norske stiftelsar skaper mange arbeidsplassar, bidrar stort til norsk frivilligheit og er med på å drive samfunnet framover, seier Siw Heggedal Longvastøl, avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet.  

58 milliardar er like mykje som det er løyva til høgare utdanning og forsking i årets statsbudsjett, og over 10 000 kroner per nordmann.

– Stiftelsane står bak innovasjon og utvikling både i det offentlege og private, og tar ansvar for å drive og utvikle offentlege velferdstenester. Det er også mange viktige tiltak i lokalsamfunna rundt omkring som ikkje hadde blitt noko av om stiftelsane ikkje bidrog med kapital.

Arbeidsplassar gir størst verdiskaping

Den samla verdien av sysselsetting i stiftelsane og selskapa deira er 29 milliardar, og det utgjer 53 800 årsverk. Det gjer sysselsetting til den største verdiskaparen.  

– Stiftelsane og selskapa dei eig bidrar til å sysselsette nesten 2 prosent av den samla arbeidsstyrken i Noreg, seier Longvastøl.  

Stiftelsane er også store bidragsytarar til norsk frivilligheit. 2 av 5 stiftelsar har frivillige. Verdien av dette er 1,4 milliardar, fordelt på 2 250 frivillige årsverk.

Rundt 1 av 5 stiftelsar har formål knytt til kultur og idrett, og det er dermed den største sektoren i stiftelseslandskapet.

Det er også slik at stiftelsane deler ut stadig meir pengar til formåla. 7 milliardar kroner i året er over ei dobling sidan 2011. Då var utdelingane på 3 milliardar.

Sjå hovudtala frå kartlegginga:
  • Verdiskaping er verdien av aktivitetar, varer og tenester som er skapt av stiftelsar og selskapa dei eig.
  • Stiftelsane og selskapa dei eig har ei samla verdiskaping på 58,4 milliardar årleg.
  • Norske stiftelsar og selskapa deira skaper mange arbeidsplassar, og sysselsetting er den største verdiskaparen.
  • Verdibidraga er størst innanfor kultur og idrett.
  • 4 av 10 stiftelsar har frivillige, og verdien av frivillig innsats er 1, 4 milliardar årleg.
  • Norske stiftelsar deler ut stadig meir pengar til formåla sine. I 2021 er utdelingane estimert til å vere 7 milliardar kroner. Det er ein milliard meir enn i 2019 og 4 milliardar meir enn i 2011.
  • Norske stiftelsar skaper positive ringverknader i samfunnet. Verdien av frivillig arbeid som skjer i andre organisasjonar på grunn av tildelingar og engasjement frå stiftelsane er estimert til å utgjere 2,5 milliardar kroner i verdiskaping. Det tilsvarar 4 500 frivillige årsverk. Sidan det er usikkerheit knytt til å estimere ringverknader er desse tala ikkje ein del av det totale beløpet på 58,4 milliardar kroner.

– I tillegg skaper stiftelsane ringverknader i samfunnet. Ringverknader er alltid vanskelege å talfeste, men aktiviteten og utdelingane til mange stiftelsar har ringverknadar på fleire viktige område. Døme på nokre ringverknader er betre folkehelse, mindre økonomiske forskjellar og auka berekraft, seier Longvastøl.

Les meir om kartlegginga av norske stiftelsars samfunnsbidrag og finn rapporten på denne nettsida.

Stiftelsen NOVA Spektrum bidrar til over 2500 arbeidsplassar

Eit døme på ein stiftelse som skaper store ringverknader i samfunnet er NOVA Spektrum, som eig og driv NOVA Spektrum (tidlegare Norges Varemesse) i Lillestrøm og Oslo Spektrum. Dei har messer, arrangement og konsertar, og 130 faste tilsette og i tillegg ekstra medarbeidarar.

– Den samfunnsmessige betydninga av verksemda vår er stor, og heng direkte saman med alle tilreisande til Lillestrøm og Oslo i samband med møteplassane vi skaper og legg til rette for. Arrangementa og messene våre gjer at vi fleire gongar i året mangedoblar innbyggartalet i Lillestrøm, seier Gunn Helen Hagen, som er administrerande direktør i stiftelsen.

Bilde av Gunn Helen Hagen, administrerande direktør i stiftelsen NOVA Spektrum
– Vi har som mål å doble ringverknadane, seier Gunn Helen Hagen, administrerande direktør i stiftelsen NOVA Spektrum.
Foto: NOVA Spektrum

Aktiviteten til stiftelsen merkast mellom anna i bransjar som handel, service, servering og overnatting. I sum bidrar stiftelsen til 2566 fulltidsarbeidsplassar og 2,3 milliardar i årleg verdiskaping, viser ein rapport Samfunnsøkonomisk Analyse har gjort for stiftelsen.

– I realiteten er eit årsverk i stiftelsen er opphav til 9 nye årsverk i lokalmiljøet. Vi blei positivt overraska over stiftelsens store økonomiske fotavtrykk i eige nærmiljø. Samtidig har vi ein ambisjon om å auke ringverknadane våre yttarlegare, med eit langsiktig mål om å doble dei.