– Deltaking i idrett og friluftsliv har stor betydning både for den enkelte og samfunnet, seier Marianne Skjeldestad Hove, avdelingsdirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Frivillige lag og organisasjonar og kommunale fritidsklubbar eller ungdomshus kan søke tilskot i ordninga, som Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar.

Ordninga gjeld både organisert idrett, eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet, som for eksempel friluftsliv.  

– Formålet med denne ordninga er å legge til rettes for at fleire barn og unge kan delta i fysisk aktivitet. Det kan gis tilskot til prosjekter eller til å få dekka eingongsutgifter, seier Hove. 

Fristen for å søke på ordninga er 13. juni kl. 13.00.

Eit innstillingsutval utpeikt av Kulturdepartementet, med representantar fra Norges Idrettsforbund, Sparebankstiftelsen DNB, Norsk Friluftsliv, Stiftelsen VI og OBOS, skal gi innstilling til Lotteri- og stiftelsestilsynet om fordeling av enkelttilskot. 

 Dette er målgruppene for ordninga: 

  • Barn og ungdom fra 6 til 19 år i familier med vedvarende låginntekt. 
  • Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar der jenter er underrepresentert eller opplever særlege barrierar. 
  • Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikke aldersbegrensa. 
  • Noverende og framtidige unge leiarar og trenarar opp til 26 år, som er jenter/kvinner, eller personar som har funksjonsnedsetting eller minoritetsbakgrunn. 

Les meir om reglane for ordninga og korleis du kan søke her.