Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ei ny ordning som skal legge til rette for auka deltaking i fysisk aktivitet for alle barn og unge. Det blir opna for søknad i mai.

mangfold og inkludering illustrasjon

Det er frivillige lag og organisasjonar og kommunale fritidsklubbar eller ungdomshus som kan søke tilskot. Idrett og fysisk aktivitet kan vere både organisert idrett og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet, som for eksempel friluftsliv.

For å skape varig auka deltaking er det viktig at dei som søker arbeider langsiktig og systematisk med å sikre mangfald og inkludere alle. Det vil seie at arbeidet først og fremst er ein integrert del av organisasjonen sitt arbeid og ikkje berre eit enkeltsåande tiltak i ein kort periode.

Avdelingsdirektør for frivilligheitsstøtte Marianne Skjeldestad Hove.
Marianne Skjeldestad Hove
Marianne Skjeldestad Hove er avdelingsdirektør for frivilligheitsstøtte i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Dette er målgruppene

Det er viktig at aktiviteten er reelt open for alle i den definerte målgruppa. Dette er målgruppene for ordninga:

  • Barn og ungdom frå 6-19 år i familiar med vedvarande låginntekt.
  • Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar der jenter er underrepresentert eller opplever særskilte barrierar.
  • Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikkje aldersavgrensa.
  • Noverande og framtidige unge leiarar og trenarar, opp til 26 år, som er jenter/kvinner, personar med funksjonsnedsetting eller personar med minoritetsbakgrunn.

Les meir om regelverket for ordninga og sjå eksempel på kva tiltak du kan søke i denne ordninga. Vi opnar for søknad i byrjinga av mai.

Innstillingsutvalet

Deltaking i idrett har stor betydning både for den enkelte og samfunnet. Dette gjeld både organisert idrett, og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet.

Eit innstillingsutval, som er utpeikt av Kulturdepartementet, skal gi innstilling til Lotteri- og stiftelsestilsynet om fordeling av enkelttilskot. Utvalet har seks representantar:

  • Zaineb Al-Samarai – Norges idrettsforbund (leiar) 
  • Sebastian Henriksen – Norges idrettsforbund  
  • Sissel Karlsen – Sparebankstiftelsen DNB  
  • Siri Meland – Norsk Friluftsliv  
  • Knut Nystad – Stiftelsen VI  
  • Rasmus Aarflot – OBOS 

Les pressemelding frå Kultur- og likestillingsdepartementet.