Første halvår i 2022 omsette entreprenørbingo for 2,43 milliardar kroner, mot 1,28 milliarder på same tid i fjor. Omsetnaden er dermed tilbake på same nivå som før korona.

Til lag og organisasjonar blei det i første halvår 2022 overført 116,7 millionar kroner frå entreprenørbingo og 22,9 millionar kroner frå Belago. Tilsvarende var overføringa 58,1 og 12,7 millionar kroner første halvår i 2021.

Same nivå som 2019

Omsetnaden på hovudspel i lokale har auka frå 214 millionar kroner i første halvår 2021, til 420 millionar i første halvår 2022. I tillegg til hovudspel, kan bingohallane tilby databingo som sidespel i same lokale. Sidespel er berre lovleg i bingohallane. I første halvår 2021 omsette sidespel for 877 millionar kroner, mot 1,8 milliardar kroner i første halvår 2022.

I 2019, som var siste år før koronapandemien, var omsetnaden på entreprenørbingo 4,6 milliardar kroner.

Turid Søgnen er seniorrådgivar på avdeling for pengespel i Lotteritilsynet.

– Første halvår i 2021 var framleis prega av heilt eller delvis stengde bingohallar, som følge av koronarestriksjonar. Sjølv om dei fleste bingohallane opna i midten av juli 2021, var ikkje folk tilbake i bingohallane med ein gong. 2022 har vore tilnærma normalt og folk har begynt å oppsøke bingohallane igjen. Som følge av dette har også sidespel auka, seier Søgnen.

Framleis auke i spel på nett

Hovudspel på nett har også auka, men ikkje tilsvarande mykje som i hovudspel i lokale. Omsetnaden på hovudspel på nett var 175 millionar kroner første halvår i 2021, mot 195 millionar kroner første halvår i 2022.

Ser ein derimot på hovudspel på nett før og etter korona, har det vore ein markant auke i omsetnad. For heile 2019 var omsetnaden på nettbingo 39 millionar kroner. Til samanlikning var tal for heile 2020 og 2021 høvesvis 206 og 343 millionar kroner.

– Stengde bingohallar gjorde at spelinga flytta seg frå bingohallar til nettet og mange er blitt vande med å spele på nett heime. Så sjølv om bingohallane er opna opp igjen, er nok spel på nett ein trend som har komme for å bli, skal ein tolke tala, forklarer Søgnen.

Her kan du lese meir om bingstatistikken for første halvår i 2022.