Omsetningsramma for store lotteri blir justert

Lotteri som er regulert etter § 7 i forskrifta har ei omsetningsramme på 300 millionar. Kulturdepartementet har no vedteke at omsetningsramma skal regulerast etter konsumprisindeksen.

Gjeld frå 1. juli 2021

Justeringa skjer etter ei høyringsrunde våren 2021, og forskriftsendringa trer i kraft 1. juli 2021.

Lotteritilsynet kan indeksregulere

Det er § 7 andre ledd nr. 4 som er endra og lyder no:

Lotteritilsynet kan indeksregulere omsetningsrammen i lotteri etter denne bestemmelsen en gang i året. Justeringen skjer utfra en ramme pr tillatelse på kr 300 millioner.