404 arrangørar og underleverandørar fekk pengar i første utbetaling i kompensasjonsordninga for kultursektoren.
Det er til saman søkt om nær 208 millionar kroner, i ordninga som skal dekke tap i forbindelse med kulturarrangementer som ble avlyste eller nedskalerte på grunn av covid- 19.
– For at søkarane skal få hjelp så fort som mogleg betalar vi ut puljevis. Vi er godt i gang med saksbehandlinga, og neste utbetaling kjem om nokon veker, seier avdelingsdirektør for frivilligheitsstøtte, Marianne Skjeldestad Hove.
Her kan du sjå ei oversikt over utbetalingene i ordninga.
Arrangører og underleverandørar har til saman søkt om kompensasjon for over 14 500 kulturarrangementer. Ein del arrangørar eller underleverandørar har søkt om kompensasjon i forbindelse med det same arrangementet. Fristen for å søke var 1. mai.
-Alle vedtaka skal vere ferdige i juni, og den siste utbetalinga er planlagt i slutten av juni.