Lotteritilsynet har no orientert ni bankar om at det vil førast tilsyn med etterlevinga av betalingsformidlingsforbodet.

Etter Pengespilloven § 5 er det forbode å formidle betalingstransaksjonar ved innskot til og utbetaling frå pengespel som ikkje har nødvendig løyve. Lotteritilsynet har heimel til å treffe vedtak og pålegge bankane å avvise transaksjonar til og frå bestemte kontonummer og føretak.

– Vi har i lang tid hatt fokus på dialog med norske bankar og finansinstitusjonar. For første gong har vi no valt å opne eit meir inngåande tilsyn med etterlevinga.

Det seier jurist og seniorrådgivar i Lotteritilsynet, Rannveig Gram Skår.

Forbodet bidrar til nedgang i pengespelproblem

Meir konkret er det Lotteritilsynets vedtak fatta i 2023 med pålegg om å avvise pengespeltransaksjonar det skal førast tilsyn med. Formålet er å innhente kunnskap for å sikre at ein opprettheld eit effektivt forbod.

– Vi veit at betalingsformidlingsforbodet er eit viktig verkemiddel for å beskytte den norske einerettsmodellen. Modellen har som formål å førebygge pengespelproblem og andre negative følger av pengespel, fortel Gram Skår.

I befolkningsundersøkinga frå i vår vert det peika på at strengare krav til handheving av betalingsformidlingsforbodet er ei av årsakene som kan forklare nedgangen i speleproblem. Dette fordi forbodet gjer det vanskelegare å delta i pengespel hos utanlandske tilbydarar.

Kjem til å opne fleire tilsyn

I orienteringa som er sendt til bankane, blir dei mellom anna bedt om å gjere greie for kva tiltak dei har gjort for å stanse transaksjonar til/frå identifiserte føretak og kontonummer. Bankane må også legge fram eventuelle interne rutinar for etterleving av forbodet.

– Bankane har tre veker på seg til å sende inn dokumentasjonen og informasjonen vi har etterspurt. Vi forventar i stor grad å sjå at bankane effektivt har retta seg etter våre vedtak, seier Gram Skår.

I første omgang omfattar tilsynet ni bankar, og temaet for tilsynet omhandlar ein del av regelverket som bankane skal vere godt kjende med. Etter kvart vil det bli opna fleire tilsyn, kor det også kan bli aktuelt å belyse andre delar av regelverket.