Høyr historia hans på Speleansvarskonferansen på The Hub i Oslo 16. oktober.
Peter Shilton er nok mest kjent for å ha stått i mål då Diego Maradona skåra mål med handa i VM i 1986, men den britiske keeperlegenda er den landslagsspelaren med flest kampar i engelsk ligasystem.
I 45 år hadde han problem med pengespel. Kona Steph, som han gifta seg med for 10 år sidan, oppdaga problema. Ho tvinga han til å ta tak i det, og han har no vore spelefri i 8 år. Begge to kjem til speleansvarskonferansen.
– Det er ei sterk personleg historie, og på same tid gjer dei mykje for å hjelpe andre, seier Tore Bell, avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.

Den siste befolkningsundersøkinga som er gjort viser at 23 000 nordmenn har problem med pengespel, og rundt 93 000 er i risiko for å få det.
-Målet med konferansen er å belyse ulike sider av ansvarleg spel, kva som skaper speleproblem og korleis konsekvensane kan begrensast, seier Bell.
Inn i fotballgarderoben
Fotballspelarar er ei gruppe som blir via ekstra merksemd i handlingsplanen mot speleproblem, og eit av hovudtemaa for årets konferanse.
– Vi veit at mange i fotballmiljøet speler pengespel, og at ein del får problem, seier Bell.
I regi av Norsk Tipping og Norsk Toppfotball reiser Freddy dos Santos og Per Einar Karlsen rundt til norske fotballklubbar for å snakke med dei om speleproblem. Korleis reaksjonane har vore skal dei to fortelje meir om på konferansen.

Pårørande som hjelper andre
Speleproblem kan ramme heile familiar hardt. På Speleansvarskonferansen får du møte fleire pårørande som har brukt erfaringane sine til å hjelpe andre.
Fredrik Thorbjørnsen Lillejordet brukte teknologikompetansen sin til å utvikle appen Spillefri.
Lill- Tove Bergmo oppretta det som no er landets største frivillige organisasjon for personar med speleproblem og pårørande, Spillavhengighet Norge.
