Stiftelsestilsynet sitt tematilsyn viser at stiftelsane i all hovudsak jobbar godt med formålsrealisering, men fleire kan formalisere arbeidet sitt betre.
Dei fleste stiftelsane i tematilsynet hadde på plass strategiar og prosessar for å gjennomføre realisering av formålet. Likevel viste tilsynet at arbeidet ikkje i tilstrekkeleg grad var formalisert. 22 stiftelsar fekk anbefaling om å formalisere ein plan for realisering av formålet. Elleve stiftelsar fekk i tillegg anbefaling om å vidareutvikle dette arbeidet.
– Tematilsynet viser at stiftelsane i hovudsak jobbar godt med formålsrealisering. Likevel ser vi at mange har behov for å formalisere arbeidet sitt betre. Her kan vi bidra med kunnskap og rettleiing, seier avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet Siw Heggedal Longvastøl.
Dei fleste av stiftelsane hadde på plass kontrollstrukturar i etterkant av utbetaling til formålet, men stiftelsane hadde mindre søkelys på gode avtaler i forkant. Av dei 28 stiftelsane som fekk anbefalingar, hadde 25 av stiftelsane manglar ved avtalegrunnlag og vilkår. Ti av stiftelsane hadde manglar ved kontroll eller oppfølging, og nokre stiftelsar mangla begge desse.
Nesten alle stiftelsane viser fram utdelingane i årsrekneskapen, og berre ni stiftelsar fekk anbefaling om å gjere utdelingane meir synlege.
Les meir om funna i tematilsynet og Stiftelsestilsynet sine anbefalingar her.
Store verdiar
Stiftelsane som har vore med i tematilsynet har ein høg eigenkapital og slik sett store verdiar å forvalte. Gjennomsnittleg eigenkapital for dei 36 stiftelsane er på ca. 40 millionar kroner, og samla eigenkapital er over 1,4 milliardar kroner. I 2019 delte desse stiftelsane ut om lag 64 millionar kroner.
Ved å velge ut stiftelsar med høg eigenkapital, har vi gjennom teamtilsynet hatt dialog med stiftelsar som har eit potensiale til å forbetre og auke formålsrealiseringa.
Stiftelsane synest tematilsynet var nyttig
Stiftelsestilsynet har hatt dialog med stiftelsane som deltok i tematilsynet i prosessen, men vi har også tatt initiativ til å høyre korleis dei opplevde tilsynet i etterkant. Vi har fått gode tilbakemeldingar på den opne dialogen vi har hatt med stiftelsane.
Hans Herman Horns Stiftelse var i ein omstruktureringsfase etter at opprettaren gjekk bort hausten 2020. Dei hadde pågåande arbeid med gjennomgang av formål, vedtekter og strukturering av prosedyrar.
– Sjølv om vi hadde det meste på plass, er vår erfaring at tilsynet var nyttig. Det er viktig å ha all dokumentasjon systematisert og organisert slik at styret til ein kvar tid har oversikt. Det lettar styrearbeidet og gjer at nye styremedlemmar lett kan sette seg inn i stiftelsens arbeid, seier styreleiar Odd Solbakken i Hans Herman Horns stiftelse.
Stiftelsen har hatt diskusjonar rundt etablering av avtaler for utdeling og kva form og innhald desse skal ha, for å vere eit godt verktøy for stiftelsen. Deira erfaring var at det var fleire omsyn som måtte balanserast.
– Vi såg etter kvart at det var sentralt å ha gode føreseielege vilkår i avtalene med utdelingar. Det vart derfor viktig å få ei betre formalisert ramme rundt utdelingane. Samtidig var det viktig å ivareta dialogen med samarbeidsaktørar og behovet for fleksibilitet. Vi har starta med enkle avtaler som fungerer som ei sjekkliste frå styret treffer vedtak og fram til formålet med tildelinga er realisert. Det er ein god start, seier Solbakken.
Også stiftelsen Karibu var med i tematilsynet. Sjølv om dei ikkje fekk konkrete merknader i tilsynet, synest dei det var ein nyttig prosess.
– Det er godt å vite at stiftelsen jobbar i riktig retning, men dette er ein kontinuerleg prosess. Vi ser heilt klart ei rekke område der vi framleis kan forbetre og vidareutvikle kvalitet på drift av stiftelsen, så ei god tilbakemelding på tematilsynet er absolutt ikkje noko sovepute, seier dagleg leiar i Karibu, Eilert Lund Rostrup.
Rostrup er klar på stiftelsen Karibu vil bruke anbefalingar frå tematilsynet aktivt i styrearbeidet framover.
Nyttige funn også for Stiftelsestilsynet
Tematilsynet har også gitt nyttige funn for Stiftelsestilsynet. Vår oppgåve er å trygge norske stiftelsar og tematilsynet er eit viktig verkemiddel i det førebyggande arbeidet.
I tilsynet vurderer vi fleire stiftelsar opp mot det same grunnlaget. På den måten har vi fått innsikt i kva utfordringar stiftelsane har når det gjeld formålsrealisering. Ved å formidle desse erfaringane og samanlikne arbeidsmåtar, kan vi bidra til at fleire stiftelsar kan bruke dette i sitt forbetringsarbeid.
– Vi erfarer at stiftelsane spør etter informasjon og rettleiing om korleis dei kan styrke arbeidet med formålsrealisering. Rapporten er eit godt verktøy i dette arbeidet, seier Longvastøl.