Norske stiftelsars samfunnsbidrag er 58 milliardar årleg, viser ny undersøking. I tillegg skaper dei ringverknader i samfunnet, som betre folkehelse, mindre økonomiske forskjellar og auka berekraft.

Det er 6300 stiftelsar i Noreg, og dei står for 58, 4 milliardar i verdiskaping årleg. Det viser ei kartlegging Oslo Economics har gjort for Stiftelsestilsynet. I tillegg skaper stiftelsane ringverknader i samfunnet når dei tilbyr tenester, har aktivitetar eller deler ut pengar.  

– Stiftelsane har så ulike formål at dei positive ringverknadane er vanskelege å talfeste, men her snakkar vi også om store bidrag til samfunnet. Eit døme er stiftelsar som tilbyr billegare eller gratis tenester, som billige bustader for dei som ikkje har økonomi til å skaffe seg ein plass å bu, seier Siw Heggedal Longvastøl, avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet.

Pressebilde av avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet, Siw Heggedal Longvastøl
Ringverknadane stiftelsar skaper har stor verdi for både menneska det gjeld og samfunnet, seier Siw Heggedal Longvastøl, avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet.

Eit anna døme er at pengeutdelingar frå stiftelsar bidrar til frivillig arbeid. Oslo Economics anslår at 4500 frivillige årsverk kan knytast til utdeling frå stiftelsar, og det betyr 2,5 milliardar i verdiskaping.

Oslo Economics har også gjort casestudiar blant ulike stiftelsar, og ser nokre ringverknader som går igjen: Stiftelsane bidrar til auka aktivitet blant befolkninga og betre folkehelse, auka berekraft og dei reduserer økonomiske forskjellar.

– Dette har stor verdi for både menneska det gjeld og samfunnet. Å redusere økonomiske forskjellar kan hindre utanforskap, og betre folkehelse kan føre til mindre trykk på helsetenester og at fleire deltar i arbeidslivet, seier Longvastøl.

– Mange seier at dette er for godt til å vere sant

Stiftelsen BUA er ein av stiftelsane Oslo Economics har sett på. BUA jobbar for at fleire barn og unge skal inkluderast i fritidsaktivitetar, betre folkehelse og lågare forbruk. Stiftelsen administrerer over 200 utlånssentralar rundt om i Noreg, og der kan alle som vil låne sports- og friluftsutstyr heilt gratis. 

Bilde av Monica Vogt, dagleg leiar i stiftelsen BUA
– Det er ein takknemleg jobb, seier Monica Vogt, dagleg leiar i stiftelsen BUA. Foto: Frøydis Falck Urbye

– Så langt i år har vi hatt over 400 000 utlån. Vi har dobla kvart år. I fjor hadde vi 500 000 utlån, så vi kjem til å gå langt over det i år, seier Monica Vogt, som er dagleg leiar i stiftelsen.

BUA er for alle. Dit kjem familiar som vil ta barna med på nye opplevingar utan å bruke tusenvis av kroner å kjøpe nytt utstyr, og familiar som ikkje har råd. Vogt fortel at mange av dei som kjem for å låne utstyr for første gong seier at tilbodet er for godt til å vere sant.

– No når prisane stig på mat og straum og rentene går opp er det kanskje ikkje øvst på prioriteringslista å kjøpe nye slalåmski. Når vi låner ut utstyr bidrar vi til at fleire kan vere med på fritidsaktivitetar, uavhengig av den økonomiske situasjonen familien er i. Det å vere aktiv og å kunne vere med på ting ilag med venner gir god fysisk og psykisk helse, seier Monica Vogt, som er dagleg leiar i stiftelsen.

Bygger bruer

I utlånssentralane jobbar eit par hundre frivillige. I mange kommunar er BUA brukt til arbeidstrening for ungdom, og det gir dei erfaring som kan hjelpe dei i arbeidslivet vidare. I sentralane kan ein også møte pensjonistar.  

– Dei har mykje kunnskap om sports- og friluftsutstyr, som dei lærer vidare til dei som kjem for å låne. Slik bygger dei også bruer. Mange av dei som lånar har ikkje etnisk norsk bakgrunn og ikkje så god greie på langrenn og fiskestenger, fortel Vogt.  

Les meir om kartlegginga av verdiskaping i norske stiftelsar.