Stortinget vedtok 24. april 2020 fleire endringar i lotterilova. Endringa gir Lotteritilsynet meir effektive verktøy til å undersøke og stoppe ulovlege pyramidespel. Lovendringa vil ha verknad frå 1. juli 2020.

Bakgrunnen for lovendringa er EUs nye forordning om forbrukarvern-samarbeid mellom myndigheiter i EU/EØS. I tillegg kjem CPC-forordning (EU 2017/2394), som trådte i kraft 17. januar 2020.

Den nye forordninga skal sikre god og effektiv handheving av felles-europeiske forbrukarvernreglar på tvers av landegrensene.

Breitt samarbeid internasjonalt

Dei nye reglane gir Lotteritilsynet utvida mynde til å undersøke og stanse ulovleg pyramideverksemd. Dagens samarbeidsreglar mellom tilsyna i EU/EØS blir vidareført, men med auka forpliktelsar.

– Lotteritilsynet kan reagere raskare og meir effektivt ved brot på pyramideregelen. Lotteritilsynet kan også varsle andre tilsyn i Europa, dele informasjon og få bistand til å stoppe ulovlege pyramidespel som opererer innanfor EU/EØS-landa, seier seniorrådgjevar og jurist i Lotteritilsynet, Monica Alisøy Kjelsnes.

Sjølv om Lotteritilsynet no får fleire verktøy til å stoppe ulovlege pyramidespel, har ikkje tilsynet mogelegheit til å vurdere alle selskap vi blir kontakta om.

– Derfor vil vi fortsatt åtvare mot all verksemd som liknar på pyramidespel. Det er knytt stor risiko til å delta i pyramideliknande verksemd, og vi oppmodar alle om å halde seg unna, seier Kjelsnes.

Forbrukartilsynet, Medietilsynet og seks andre offentlege myndigheiter får også langt på veg dei same verkemidla som Lotteritilsynet innan sine respektive ansvarsområde for å kunne reagere mot lovbrot som råkar forbrukarinteresser.

Oversikt over dei viktigaste endringane

Dei nye reglane gir Lotteritilsynet mynde til å krevje opplysningar frå fleire i tilsynet med ulovlege pyramidespel. Lotteritilsynet kan innhente opplysningar frå banker og andre private verksemder og offentlege myndigheiter som Forbrukartilsynet og Skatteetaten.

Lotteritilsynet kan også gjennomføre testkjøp med skjult identitet for å avdekke brot på pyramideregelen.

Lotteritilsynet vil også kunne fatte mellombelse vedtak om stans av pyramideverksemda i påvente av opplysningar dersom det er rimeleg grunn til å tru at det ligg føre brot på pyramideregelen.

Vidare kan domstolen etter krav frå Lotteritilsynet, pålegge internettleverandørar eller andre tredjepartar å fjerne, eller stenge digitalt, nettinnhald til ulovlege pyramideselskap.