I mars fekk ein kasinospelar feilutbetalt 25 millionar kroner frå Norsk Tipping. No varslar Lotteritilsynet gebyr på 4,5 millionar kroner. 

– Vi vurderer feilutbetalinga som eit alvorleg brot på pengespellova, seier Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Det var i starten av mars 2024 at ein Kongkasino-spelar oppdaga at hen ved ein feil hadde fått utbetalt nær 25 millionar kroner frå Norsk Tipping. Spelaren varsla selskapet, og betalte tilbake beløpet. Ifølge Norsk Tipping var årsaka til feilutbetalinga ein uventa feil som var vanskeleg å forutsjå.

Kort tid etter hendinga blei oppdaga hos Norsk Tipping, varsla selskapet Lotteritilsynet. Etter å ha samla fakta i saka varslar Lotteritilsynet no at vi vurderer å gi Norsk Tipping gebyr på 4,5 millionar kroner for brot på pengespellova.

Det utgjer omtrent 0,05 prosent av omsetnaden til Norsk Tipping , som var 9,2 milliardar kroner etter frådrag frå utbetalte premiar i fjor.

Langt over premiegrensa

For å redusere risikoen for speleproblem, er det sett grenser for kor store premiane i pengespel skal vere.

For Kongkasino hos Norsk Tipping er det fastsett i pengespelforskrifta at premien ikkje skal vere høgare enn 100.000 kroner. I tillegg er det lov med ein jackpotpremie på inntil 5 millionar kroner.

Ifølge den siste befolkingsundersøkinga frå Universitetet i Bergen er 27 prosent av dei som speler kasinospel hos Norsk Tipping i kategoriane for moderat risiko- eller problemspelar.

– Samanlikna med andre spel er det relativt stort sannsyn for at feilutbetalinga kunne ført til at ein spelar med speleproblem, eller risiko for å utvikle speleproblem, ville hatt svært mykje pengar å spele for, seier Hamar.

Nettopp fordi feilutbetalinga var så stor, og at dette skjedde i eit spel som har høg risiko for å skape speleproblem, vurderer Lotteritilsynet feilen som vesentleg.

Har endra rutinar i etterkant

Lotteritilsynet har vurdert at premieutbetalinga hos Norsk Tippings Kongkasino ikkje var tilstrekkeleg sikra mot feil då feilutbetalinga skjedde.

– Sjølv om selskapet hadde rutinar og sikkerheitstiltak, var dei ikkje gode nok til å fange opp feilutbetalinga før den gjekk ut. Vi meiner sikkerheitstiltaka hos Norsk Tipping svikta, og det ser vi alvorleg på, seier Hamar.

Etter hendinga skjedde har Norsk Tipping innført nye sikkerheitstiltak. No har dei ekstrakontrollar av alle premiar frå 100.000 kroner og opp i Kongkasino.

– Feilutbetalinga kunne enkelt for hindra av dei tiltaka selskapet har innført i ettertid. Desse burde ha vore innført tidlegare, seier Hamar.

Norsk Tipping har fått frist til å uttale seg om varselet innan 12. august. Deretter vil Lotteritilsynet vurdere om det blir gjort endringar eller om vedtaket blir fatta som varsla.

Her kan du lese heile varselet.