Kulturdepartementet har vedtatt endringar i bingoregerket. Endringane følgjer opp stortingsmedlinga frå 2016-17 – Alt å vinne, ein ansvarleg og aktiv pengespelpolitikk.

Endringane opnar blant anna for at personar kan delta i hovudspel på bingo via nettet på nærare vilkår. Lotteri- og stiftelsestilsynet er i denne samanheng bedt om å evaluere ordninga med nettspel innan to år.

Andre viktige endringar er:

Databingo

  • 30-sekundersregelen er endra slik at det enkelte spel skal ta minimum 30 sekunder.
  • Autoplay er fortsatt tillatt for innskot i databingo, men utan at det er tillat å automatisk overføre gevinstar til spelsaldo.
  • Dagens krav om at det må vere innskot i minimum to av terminalane i eit databingonettverk før ein kan starte spelet er fjerna.

Gevinstane i hovudspelet

  • Maksimumsgevinsten i hovudspelet er auka frå 5 000 kroner til 10 000 kroner.
  • Grensa for jackpotgevinst i hovudspelet er auka frå 70 000 til 100 000 kroner, og dagsgrensa for oppbygging av denne er fjerna.

Andre endringar

  • Løyveperioden er endra frå eitt til to år.
  • Det er innført krav om to millionar kroner i omsetning i hovudspelet for å kunne ha Belago i eit bingolokale.
  • Fordelingsnøkkelen for Belago er endra slik at Norsk Tippings andel er redusert frå 40 % til  35 %, mens formålsandelen er auka frå 25 % til 30 %.

Les heile pressemeldinga frå Kulturdepartementet.

Les forskrifta på Lovdata.

Les høyringsbrev og finn høyringssvar her.