Ingen avvik. Det var konklusjonen frå Lotteritilsynet etter den første norske meisterskapen i poker på norsk jord. «Ingen avvik» er, som kjent, ei lettare byråkratisk omskriving av at alt gjekk som det skulle.

I sin tilsynsrapport etter NM i poker 2015 slår Lotteritilsynet fast at meisterskapen vart gjennomført på ein profesjonell og betryggande måte. Global Poker Tours, som arrangerte meisterskapen på vegne av Blodkreftforeningen, får godord etter tilsynets kontrollar.

Ikkje berre var det første poker-NM profesjonelt gjennomført, det var også ein rekordmeisterskap. Under hovudturneringa på Gardermoen var det 1975 spelarar som deltok. Ifølgje arrangøren er dette uoffisiell verdensrekord for eit nasjonalt meisterskap.

Dessutan vanka det prisdryss både på Global Poker Tours og TV2 i etterkant av arrangementet. Under European Poker Awards i mai, fekk Global Poker Tours prisen for det beste arrangementet i Europa med innsats på under 20 000 kroner i fjor. TV2 vann den ettertrakta innovasjonsprisen for kanalen si dekning av poker-NM.

9,3 millionar i premiepotten

Det viste seg at hurtig-poker også er populært, og der spelte 1304 deltakarar om premiane. I den tredje turneringa, Pot Limit Omaha, var det 324 som deltok. Dette er ei litt vanskelegare utgåve av poker enn den tradisjonelle Texas hold’em som blir brukt i dei to andre turneringane.

Ein del spelarar deltok i minst to av turneringane på Gardermoen. Talet på unike spelarar var difor 3332 i det første NM. Men det er rom for å vekse, for det kan delta inntil 5000 spelarar.

Premiepotten i det første NM kom opp i vel 9,3 millionar kroner, og potten blir fordel blant dei 15 prosent spelarane som klarte seg best. Vinnaren av hovudturneringa i november, Felix Stephensen, kunne innkassere vel 1,4 millionar kroner. Andremann kunne plusse om lag halvparten så mykje på konto, medan også tredjemann fekk godt og vel ein halv million kroner. Felix Stephensens gevinst ligg likevel godt under maksimalgevinsten på to millionar kroner.

Fem prosent til Blodkreftforeningen

Etter loddtrekning vart det Blodkreftforeningen som sikra seg løyvet som gir inntektene frå poker-NM i tre år – til og med 2017. Gode pengar å ta med seg, sjølvsagt, ettersom organisasjonen som har løyvet får fem prosent av brutto omsetning i poker-NM. Det gav eit tilskot på nærare 800 000 kroner til Blodkreftforeningen første året.

Lotteritilsynet har det siste året fått ein del førespurnader om endringane i lovverket også opnar for å gi løyve til lokale pokerturneringar. Svaret er og blir nei. Poker-NM, med dei regionale turneringane, er einaste turneringsform som er lovleg her i landet. I tillegg er poker i private heimar legalisert, men med rammer som spelinga skal haldast innanfor. Til dømes skal ikkje innsatsen overskride 1000 kroner pr. spelekveld.

No er det snart klart for eit nytt NM, og første regionale kvalifisering går av stabelen på Sørlandet tidleg i september. Så går det slag i slag til eit nytt NM på Gardermoen i slutten av november.
Arrangøren har fått godkjent endringar til årets norske poker-NM. Mens det i fjor var tre turneringar, blir det i år fem å velje mellom. Spelarane kan delta i inntil tre av turneringane.