Forslag til endringar i bingoregelverket vil bety meir pengar til organisasjonar som har løyve til å arrangere bingo.

3600 organisasjonar har i dag løyve til å arrangere bingo. Er du i tvil om din organisasjon er ein av desse, kan du sjekke her.

Endringar i spela og auka inntekter frå Belago

Den 3. mai sendte Lotteritilsynet ut eit høyringsforslag til fleire endringar i dagens bingoforskrift. For organisasjonar med bingoløyve vil endringsforslaga bety meir inntekter.

  • Din organisasjon vil i gjennomsnitt motta rundt 5000 kroner meir per år, då delen av overskotet frå Belago aukar frå 25 til 30 %.
  • Det vil kome fleire endringar i spela på bingo, særleg databingo. Dette er eit løft for den tradisjonelle bingospelet og vil gjere det meir moderne og attraktivt enn det er i dag. Det kan gi auka inntekter og meir pengar til din organisasjon.

Det blir også enklare å rapportere rekneskap for deg som arrangerer foreiningsbingo, og så blir det nokre endringar knytt til dei som arrangerer bingo på vegne av ulike formål.

Heile høyringsforslaget kan du lese her.

Bingo skal vere eit ansvarleg spel

Sjølv om spela blir gjort meir attraktive skal bingo vere eit ansvarleg spel. Vårt samfunnsoppdrag er å beskytte folk mot speleproblem. Det betyr at din organisasjon skal vere trygg på at pengane de mottar kjem frå spel som har ansvarlege rammer.

Statistikk frå Hjelpelinja for spelavhengige har vist ein markert nedgang dei siste åra i talet på  bingospelarar som tar kontakt. Dette er ei ønska utvikling og eit viktig prinsipp for ansvarlege spel i pengespelpolitikken.

Korleis få løyve til bingo?

Overskotet til frivillige lag og organisasjonar var i 2017 på ca. 250 millionar kroner. Kva gjer du som er med i ein organisasjon og som kunne tenkt deg å ta del i denne potten?

Du må først søke om å få organisasjonen din godkjent for å få inntekter frå bingo og store lotteri med omsetning over 200 000 kroner.  Organisasjonar og foreiningar som har eit humanitært elles samfunnsnyttig formål kan få slik godkjenning.

Deretter kan du søke om å kome inn hos ein bingoentreprenør i ditt nærområde. Ei oversikt over kvar dei forskjellige entreprenørane finn du i Lotteriregisteret.

Lurer du på noko meir så ta gjerne kontakt.