Slik kan du få inntekter frå bingo

Frivillige lag og organisasjonar kan motta inntekter frå bingo. Du kan få overskot frå den lokale bingoen eller arrangere bingo sjølv.

Krev godkjenning som lotteriverdig organisasjon

Lag og organisasjonar må godkjennast før dei kan få løyve til å motta inntekter frå bingo og store lotteri med omsetning over 200 000 kroner. Organisasjonar og foreiningar som har eit humanitært eller samfunnsnyttig formål kan få slik godkjenning. Typiske døme på dette er skulekorps, idrettslag, hjelpekorps og ulike interesseorganisasjonar.

Les meir om krav til slik godkjenning.

Søk om godkjenning

Du kan også laste ned PDF-skjema og sende oss.

Organisasjonen må ha organisasjonsnummer i Einingsregisteret for å bli godkjend. Når du søker må du legge ved organisasjonen sine vedtekter, samt datert og underskriven kopi av siste godkjende årsrekneskap og årsmelding.

Les også om plikter som lotteriverdig organisasjon.

Slik kan du motta inntekter frå den lokale bingoen

Lag og organisasjonar med lotteriløyve kan søke om bingospel med entreprenør. Dette betyr at det er ein profesjonell aktør som arrangerer bingoen på vegner av eitt eller fleire lag. For bingo med entreprenør vil det vere den profesjonelle parten som koordinerer innsending av søknader om bingospel frå foreiningane, og som står for rekneskapsrapportering frå bingoen.

De må kontakte bingoentreprenøren og be om å stå som formålsmottakar ved den aktuelle bingoen. Det er eit krav om at bingohallen ligg i det området laget eller organisasjonen har aktivitet.

Slik arrangerer du bingoen sjølv

Lag og organisasjonar med godkjent lotteriløyve kan søke om løyve til å arrangere bingo. Det betyr at laget sjølv står for alt det praktiske rundt avviklinga av bingospelet, og det er foreininga sitt ansvar å syte for nødvendig rekneskapsrapportering til Lotteritilsynet etter at løyvet er ferdigspelt.

Sjå korleis du søker her.

Det enkelte lag kan få løyve til å omsette for inntil 700 000 kroner på hovudspelet. Gebyret for eit slikt løyve er 1250 kroner.

Bingo arrangert av lokalradio / lokal-tv med konsesjon har andre omsetningsgrenser.