Lotteri- og stiftelsestilsynet har bygd opp spesialkompetanse innan tilsyn og forvaltning av norske pengespel og norske stiftelsar som er ettertrakta i utanlandske miljø. I tillegg er det eit strategisk fagleg mål at Lotteri- og stiftelsestilsynet skal vere oppdatert på den juridiske, faglege og tekniske utviklinga på våre felt i andre land, og vi følgjer utviklinga i EU.

Mange invitasjonar

Lotteritilsynet får i løpet av året invitasjonar til å delta på ei lang rekkje med konferansar og forum i utlandet, dels som betalande tilhøyrarar, dels som foredragshaldarar. Dette gjeld i mindre grad Stiftelsestilsynet og forvaltninga av ordninga for momskompensasjon. Denne skilnaden kan vi forklare med at spelindustrien i stadig større grad blir påverka av den teknologiske utviklinga, og at marknaden blir meir og meir globalisert. Dette påverkar Lotteritilsynet i stor grad.

Formål med internasjonal verksemd

Den internasjonale verksemda har tre til dels samanfallande formål:

  1. Internasjonale forpliktingar
    Internasjonale rammevilkår og utviklingstrekk har innverknad på utforminga og organiseringa av tilsyn i Noreg. Storting og regjering forventar at norske statsinstitusjonar følgjer opp internasjonale avtalar og utfører oppgåver som ein del av det internasjonale samfunnet. Bindingar som følgje av internasjonale avtalar og anna internasjonal utvikling representerer ein type føringar som har betyding for norske tilsyn. Dette gjeld særleg EØS-avtalen. Også Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) fokuserer på reguleringsformer, forvaltningsorganisering og styring.
    (Kjelde: St.meld. nr. 17 (2002-2003).)
  2. Kompetanseutvikling
    For fagleg og organisatorisk utvikling er vi avhengige av utveksling av kunnskap og erfaring med omverda. Samspelet med internasjonale fagmiljø kjem til nytte både gjennom samarbeidsprosjekt og gjennom kompetanseheving og engasjement som den enkelte medarbeidar tek inn i sitt daglege arbeid. Samstundes har vi ansvar for å dele erfaring og kunnskap med omverda.
  3. Rekruttering
    Unge menneske er i større grad enn tidlegare opptekne av moglegheitene for internasjonalt arbeid ved val av studium og arbeidsplass. Internasjonalt samarbeid kan såleis ha eit rekrutteringsformål gjennom å gjere fagområda våre meir interessante og Lotteri- og stiftelsestilsynet til ein meir attraktiv arbeidsgivar.

Samarbeid

Internasjonal deltaking og internasjonalt samarbeid kan vere:

  • deltaking i internasjonale organisasjonar for reguleringsmyndigheiter
  • deltaking på internasjonale messer for brukargrupper
  • fagleg samarbeid med andre land

Hausten 2013 var Lotteri- og stiftelsestilsynet vertskap for den årlege konferansen til International Association of Gaming Regulators (IAGR) i Oslo.

Krav til deltaking

Internasjonal deltaking og internasjonalt samarbeid skal vere målretta og gi oss betre kompetanse på både kort og lang sikt. Det skal óg oppfylle eitt eller fleire av dei tre formåla (internasjonale forpliktingar, kompetanseutvikling og rekruttering). Såleis er det viktig å vurdere:

  • kost/nytte (tid og pengar mot formål)
  • kven skal delta/kor mange
  • målgruppe/arrangør

Regulerande myndigheiter i andre land

  • Sverige: Lotteriinspektionen
  • Danmark: Spillemyndigheten
  • Finland: Lotteri- och vapenförvaltningsenheten
  • Island: Justisdepartementet
  • Storbritannia: The Gambling Commission

Internasjonale organ

  • IAGR (International Association of Gaming Regulators)
  • GREF (Gaming Regulators European Forum)
  • WLA (World Lottery Association)
  • EFC (European Foundation Centre)