Serviceerklæring StiftelsestilsynetServiceerklæring Stiftelsestilsynet

Denne serviceerklæringa gir deg informasjon om oppgåvene våre, sakshandsamingstider for dokument, rutinar for klage, retten til innsyn, og kvar du finn meir informasjon om tenestene våre.

Vi ønskjer å yte god service til alle brukarane våre. Du skal få venleg, korrekt og rask informasjon når du vender deg til oss.

Brukarane våre

Stiftelsestilsynet sine brukarar er norske stiftelsar, media og ålmenta elles. Vi har også enkelte brukarar etter anna lovverk. Sakene våre skal handsamast korrekt i tråd med gjeldande lover og tidsfristar.

Hovudoppgåver

Stiftelsestilsynet har tilsyn med alle norske stiftelsar, for tida litt over 7200 tilsynsobjekt. Vi fører ikkje tilsyn med stiftelsar som er regulert av finansieringsvirksomhetsloven, som t.d. sparebankstiftelsar.

Vi skal:

  • gjere vedtak etter stiftelseslova
  • føre tilsyn og kontroll for å førebyggje, avdekkje og hindre at stiftelsar driv i strid med vedtekter og stiftelseslova
  • drive og vidareutvikle eit stiftelsesregister der alle stiftelsane i landet er registrert med oppdaterte opplysningar
  • gi relevant informasjon og rettleiing til stiftelsar, publikum og styresmakter på stiftelsesområdet

Stiftelsestilsynet er også tildelt mynde til å gjere vedtak etter

Kulturdepartementet er fagleg overordna for Stiftelsestilsynet og Stiftelsesklagenemnda er klageinstans for tilsynets vedtak.

Svar og tid for sakshandsaming

Forvaltningslova er styrande for dokumenthandsaminga i Stiftelsestilsynet. Generelt gjeld følgjande dokumenthandsamingstider:

  • Nyregistrering av stiftelsar og endring av grunnkapital – inntil ei veke.
  • Vedtektsendring, oppheving, samanslåing og deling av stiftelsar  – inntil ein månad.
  • Klagesaker – inntil ein månad.
  • Alle andre saker – inntil ein månad.

Avvik frå dette vil vi informere om på nettsidene våre, og du vil få skriftleg melding dersom svartida blir lenger enn ein månad. Ta kontakt med oss dersom du ikkje har høyrt frå oss innan desse fristane. Bruk gjerne vårt kontaktskjema.

Klager

Etter forvaltningslova kan part og andre med rettsleg klageinteresse klage på enkeltvedtak som er gjort av Stiftelsestilsynet. Part er stiftelsen eller den person vedtaket rettar seg mot. Dersom du vil klage, må du sende klagen til oss innan tre veker etter at du fekk tilsendt vedtaket. Vi vil så vurdere saka på nytt når vi får klagen. Dersom vi ikkje finn grunn til å gjere om vedtaket, sender vi klagen vidare til Stiftelsesklagenemnda for endeleg avgjerd.

Offentlegheit og innsyn

Dokument i ei sak er som hovudregel offentleg. Det betyr at dokumentet er ope for innsyn. Unntak skal heimlast i offentleglova kapittel 3. Du kan krevje innsyn i alle dokument, og skal ha svar på innsynskrav seinast innan tre dagar. Stiftelsestilsynet praktiserer meiroffentlegheit.

Du kan hente offentlege dokument frå Stiftelsestilsynet gjennom eInnsyn som er ei felles publiseringsteneste for postjournalar i statlege verksemder. Her kan du søkje fram dokument frå alle dei deltakande verksemdene. Du finn også brukarrettleiing, lenkje til regelverk og statistikk m.m.

Meir effektiv forvaltning og betre elektroniske tenester

Vi vidareutviklar dei elektroniske kanalane våre for å gi betre tenester og service til stiftelsane, media og publikum, og samarbeider tett med offentlege register gjennom Brønnøysundregistra.

Nettsidene

Vi ønskjer å vere mest mogeleg tilgjengeleg for brukarane vår. På nettsidene våre kan du finne:

Du kan også abonnere på nyhendebrev og tipse oss om saker innanfor våre ansvarsområde.