Idrettens grunnidé er at sluttresultatet skal vere ukjent til konkurransen er ferdig. Kampfiksing og manipulering av idrettsresultat høyrer ikkje heime i idretten og strir mot idrettens grunnverdiar.

Illustrasjonsfoto kampfiksing.Lotteritilsynet oppretta i 2016 ei nasjonal eining som skal kartlegge, førebyggje og motarbeide manipulering av idrettsresultat. Denne nasjonale kampfiksingseininga skal samordne arbeidet og vere eit informasjonssenter på fagfeltet.

Kjenner du til kampfiksing eller manipulering av idrettsresultat kan du tipse oss. Du kan tipse anonymt om du ønskjer det.

Tips oss om kampfiksing

Tips-skjema på andre språk

Dersom du ønskjer å sende inn tips på eit anna språk enn norsk  finn du lenker til skjema på fleire ulike språk i menyen til høgre.

Kva er kampfiksing?

Kampfiksing er all form for manipulering av idrettsresultat. Det kan vere

  • å betale ein motstandar for å fikse ein konkurranse for sjølv å oppnå ønska resultat
  • å manipulere resultat for eiga vinning. Formålet er å tene pengar ved å plassere veddemål hos eit spelselskap
  • å tape ein kamp med vilje for å møte enklare motstand i neste kamp

Nasjonal handlingsplan mot kampfiksing i idretten er eit samarbeid mellom styresmakter, idretten og spelselskap. Kampfiksing blir definert slik i handlingsplanen:

«Manipulering av en idrettskonkurranse, hvor involverte aktører (utøvere, trenere, ledere, dommere etc.), for økonomisk vinning for seg selv eller andre, søker å påvirke resultatet av konkurransen eller enkelthendelser underveis i konkurransen.»

Kva er ikkje lov?

Manipulering av resultat (kampfiksing) kan grovt sett delast inn i tre former som ikkje er lovlege:

  • Tradisjonell manipulering av sluttresultatet. Eit lag eller ein utøvar taper mot betaling.
  • Manipulering av enkelthendingar undervegs i konkurransen som ikkje påverkar sluttresultatet. Til dømes første innkast eller hjørnespark (spot-fixing).
  • Manipulering av sluttresultatet, men ikkje kamputfallet. Døme på dette er utøvarar som får betalt for å sleppe inn eit minimun antal mål (point-shaving).

Kva er lov?

Mange idrettar har sine eigne særtrekk og tradisjonar for avvikling av idrettskonkurransar utan at dette er kampfiksing. Det er for eksempel lov til å spare på kreftene etter ei  taktisk vurdering. Idrettens eige verdigrunnlag er difor ei viktig rettesnor. Dette er nært knytt til god opplæring blant leiarar og utøvarar innan idretten.

Risiko og straff

Det kan vere freistande å tene raske pengar, men det kan få alvorlege konsekvensar for dei involverte og for idretten/sporten totalt sett:

  • Manipulering av idrettsresultat er ei korrupsjonshandling og du risikerer fengsel.
  • Du kan bli straffa med bøter og bli utestengt eller suspendert frå idretten.
  • Karrieren din kan bli øydelagt.
  • Du kan få negative oppslag i media.
  • Du blir sårbar for press frå kriminelle miljø.

Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komités lov §11-20 har særlege bestemmelsar om manipulering av idrettskonkurransar. Det er straffbart å ikkje rapportere om du kjenner til konkurransemanipulasjon.

Norges fotballforbund har sine eigne reglar for spelarar, trenarar og dommarar. Du har blant anna meldingsplikt og innskrenka rett til å vedde på kampar. Sjå NFF si informasjonsbrosjyre.

Tips oss

Vi ønskjer tips frå publikum som har blitt kontakta for å manipulere idrettsresultat eller kjenner til tilfelle av slik manipulering. Du kan tipse oss anonymt om du ønskjer det.

Tips oss om kampfiksing