Norske bankar og andre finansinstitusjonar har ikkje lov til å formidle pengar til utanlandske pengespelaktørar. Forbodet gjeld både innskot, som ofte skjer via kredittkort, og utbetaling av gevinst, som ofte skjer til spelaren sin bankkonto. Målet med tiltaket er å ramme utanlandske spelselskap og redusere tilbodet av utanlandske pengespel i Norge.

Dei fleste utanlandske spelselskapa har innført nye betalingsløysingar for å omgå forbodet. No går pengeoverføringane stort sett via tredjepartsselskap. Dette gjer det vanskelegare for bankane å identifisere overføringar til utanlandske spelselskap, og forbodet har difor hittil ikkje hatt stor effekt på utanlandske pengespelselskap sin aktivitet i Norge. I tillegg har dette ført til at norske spelarar kan bruke kredittkort når dei spelar hos utanlandske speleselskap. Kredittkorta har ei innebygd sperre mot transaksjonar til selskap som nyttar varekoden for pengespel. Sidan transaksjonane no går via tredjepartsselskap som nyttar andre kodar, vert transaksjonen godkjent. Dermed kan norske spelarar spele for pengar dei ikkje har, og på kort tid opparbeide seg ei stor kredittkortgjeld.

Tiltak for å effektivisere forbodet

Forslag til endringar i regelverket om forbod mot betalingsformidling for pengespel utan løyve er sendt på høyring. Høyringsfrist er 15. august 2018.

Lotteritilsynet har jobba strategisk og langsiktig med tiltak for å effektivisere forbodet mot formidling av pengar til og frå utanlandske pengespelselskap.

I 2015 identifiserte vi ei rekke tredjepartsselskap som formidla innskot til slike selskap. Bankar og finansinstitusjonar har mottatt eitinformasjonsskriv med ei oversikt over desse selskapa.

I mars 2017 sende vi vedtak til norske bankar om å stoppe betalingstransaksjonar til og frå utanlandske pengespelselskap på nett. Berre i januar og februar 2017 var volumet på desse transaksjonane på over 500 millionar kroner. Bakgrunnen for vedtaket er eit tilsyn med forbodet der vi fann fleire kontonummer som tilhøyrer utanlandske selskap som gjennomfører betalingsformidling på vegne av utanlandske spelselskap.

Etter at vedtaket til bankane trådde i kraft har tre av dei fem betalingsformidlarane med kontoar som var inkludert i vedtaket, innført nye rutinar ogstoppa pengespeltransaksjonar til nordmenn. Lotteritilsynet vil halde fram arbeidet med å få mest mogeleg effekt av betalingsformidlingsforbodet.

I desember 2017 sende vi to nye vedtak til norske banker om å stanse betalingstransaksjonar til og frå utanlandske pengespelselskap fra bestemte kontonummer. Kontonumra tilhører betalingsformidlerne Magyar s.r.o (Trustly AB) og Entercash ltd.

Nytt vedtak vart sendt til norske bankar og finansinstitusjonar i januar 2018. Dette vedtaket gjeld stans av pengespeltransaksjonar frå to bestemte kontonummer som tilhøyrer betalingsformidlaren Trustly med nytt kontonamn Instant Payment Services Ltd. (lenke til breva finn du nedanfor).

Nytt vedtak vart sendt til norske bankar og finansinstitusjonar i februar 2018. Dette vedtaket gjeld stans av pengespeltransaksjonar frå eit bestemt kontonummer som tilhøyrer betalingsformidlaren Entercash Ltd. med nytt kontonamn Pluspay Finland Oy (lenke til brevet finn du nedanfor).

Tilsynet sende nytt vedtak til norske bankar og finansinstitusjonar i oktober 2018. Dette vedtaket gjeld pålegg om å avvise betalingstransaksjonar av innskot og gevinst til og frå to kontonummer som tilhøyrer betalingsformidleran Trustly (lenke til brevet finn du nedanfor)

I november 2018 sende tilsynet fire nye vedtak til bankar og finansinstitusjonar i Norge. Vedtaka gjeld kontoar både til bruk for innskot og utbetaling til og frå pengespelselskap. Lenke til breva med dei fire vedtaka finn du nedanfor.

Lesetips:

Tips oss om formidling av betaling

Har du informasjon om formidling av innskot og gevinst hos utanlandske nettspel, vil vi gjerne ha tips om dette.

Tips oss her