Det er kun Norsk tipping som har løyve til å tilby kasinospill på nett til nordmenn. Ingen andre spelselskap har løyve til å tilby denne typen spel til nordmenn. Gjer dei det, bryt dei norsk lov. Det er likevel ikkje straffbart å spele hos ulovlege pengespelselskap på internett.

Banken stopper utbetaling

Spelarar kan oppleve at utbetaling av gevinst frå pengespell som ikkje har løyve i Norge, blir stoppa av banken. Banken kan enten ha stoppa transaksjonen på eige initiativ fordi banken sjølv har avdekka at det er snakk om ein pengespeltransaksjon, eller som følge av eit av Lotteritilsynets vedtak. Banken har uansett då kun fulgt norsk lov, noko dei har ein plikt til.

Lotteritilsynet mottar jamleg spørsmål frå personar som har opplevd at banken har stoppa utbetaling av gevinst i pengespel. Lotteritilsynet kan ikkje bistå i slike tilfellea med anna enn informasjon om regelverket.  Vår oppgave er å føre tilsyn med at forbodet mot formidling av pengespel som ikkje har løyve i Norge, blir etterlevd.

Pengespelselskapa omgår norsk lov

Det er pengespelselskapene som bevisst omgår betalingsformidlingsforbodet i norsk lov, og som må svare for problemspelarane deira opplever som følge av dette. Pengespelselskapa omgår bevisst oppsatte sperrer for innskot, som er satt for å hindre at nordmenn spelar pengespel som ikkje har løyve i Norge. Spelselskapa informerer også sine kundar om at dei kan spele på selskapa som før, utan fare for at gevinst ikkje blir utbetalt til spelaren sin konto.

Spelarar som får problem med å få utbetalt gevinst kan eventuelt forsøke å kontakte tilsynsmyndigheiter i landet der spelselskapet har lovleg lisens, dersom selskapet har dette. Forbrukermyndigheitene i Norge ved Forbruker Europa kan bistå med mekling, samt rettleiing og informasjon om regelverket, men har ikkje avgjerslemyndigheit, og kan på tilsvarende måte som Lotteritilsynet ikkje hjelpe med å få gevinsten utbetalt.

Fleire spelarar seier at dei har fått gjennomført innskot, sjølv om dette også er i strid med forbodet om formidling av betaling. Med dei vedtatte endringane i regelverket forventar Lotteritilsynet at vi kan jobbe meir aktivt med å også stanse innskot.