I Norge blir poker rekna som eit spel med heilt eller delvis tilfeldig utfall. Pokerspel med innskot og gevinst oppfyller vilkåra i lotteridefinisjonen og vil dermed vere eit lotteri etter lotterilova. Det er forbudt å arrangere lotteri utan løyve frå Lotteritilsynet.

Pokerregelverket i Noreg er no på høyring med høyringsfrist 4. januar 2021.

Etter lotterilova er det kun opna for lovlig pokerspel med innsats og gevinst på følgjande område:

Det eksisterer i dag gratisturneringar som ofte blir kalla freerolls. Det er lovleg å arrangere pokerturneringar utan pengeinnskot. Det er likevel viktig å vere klar over at det er ulovleg å marknadsføre utanlandske pengespelselskap på slike arrangement.

Poker i vennelag

Du kan spele poker saman med venner i din private heim. Følgjande krav må vere oppfylt:

  • Deltakerane er i nær omgangskrets.
  • Spelet må skje i den private heim og ikkje ha eit organisert eller profesjonelt preg.
  • Tal deltakarar kan ikkje overstige ti personar.
  • Totalt innskot per spelar kan ikkje overstige NOK 1000

Her kan du lese meir utfyllande informasjon om vilkåra for private pokerlag.

NM i turneringspoker

Lotteritilsynet er gitt mynde til å gi eit løyve til ein (eller fleire) organisasjonar til å arrangere eit årlig Norgesmeisterskap med tilhøyrande kvalifiseringsturneringar, jf. lotteriforskriftas §8.

NM i turneringspoker for 2018-2020 var lyst ut i 2017. Det var Gynkreftforeningen som fekk løvet for denne perioden.

Lotteritilsynet har løpande dialog med arrangøren for å sikre at arrangementet blir gjennomført i samsvar med løyvet. Vi gjennomfører tilsyn med dei ulike arrangementa:

Vårt tilsynsarbeid med ulovleg poker

Vårt samfunnsoppdrag er å beskytte dei sårbare gruppene som er speleavhengige eller står i fare for å få problem med pengespel.

Alle former for poker (med innsats) som ikkje er innanfor regelverket om venelagspoker eller NM i turneringspoker er ulovlege.

Lotteritilsynets prioriterer tilsyn med den aktiviteten som er mest alvorleg. Vi ser særleg kor organisert og profesjonelt preg aktiviteten har. Tilsynet er avhengig av tips frå publikum.

Når vi mottar tips, vurderer vi informasjonen og vi kan sette i gang tiltak. Eksempel på tiltak:

  • Gå i dialog med dei ansvarlege aktørane og orientere om regelverket. Dette er mest vanleg i mindre alvorlege tilfelle.
  • Sende varsel om stans av verksemda og ev. sende informasjon vidare til politiet for oppfølging om dei ansvarlege ikkje rettar seg etter vårt varsel/vedtak.

I alvorlege tilfelle der det blir spelt poker for store summar, og gjerne er knytt opp mot anna kriminalitet, blir forholdet meldt til politiet. Lotteritilsynet vil assistere politiet i enkeltsaker ved behov.

Tips oss

Tips om ulovlege pokerklubbar kan rettast til politiet og til Lotteritilsynet. Alle tips blir behandla anonymt. Marknadsføring og invitasjonar til ulovleg poker skjer ofte i det skjulte, for eksempel via lukka sosiale forum.

Tips oss her.