1. januar 2015 blei det opna for pokerspel i private heimar. Vi vil her informere om lovas definisjon av private pokerlag (pkt. 1) og ytterlegare grenser som er gitt i forskrift (pkt. 2).

1. Definisjon av private pokerlag

Lotterilova §5 definerer private pokerlag slik:

«lotteri som avholdes som pokerspill i private hjem mellom personer i nær omgangskrets, når lotteriet ikke har et organisert eller profesjonelt preg.»

a) Spelet må skje i den private heim

Det er kun opna for pokerspel i private heimar. Det vil difor ikkje vere lov å spele poker på for eksempel arbeidsplassar, restaurantar og pubar, klubbar og hotellrom.

b) Deltakarane må vere i nær omgangskrets

Det er vanskelig å trekke opp grensa for når du er i «nær omgangskrets». Dette vilkåret må difor vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle. Føremålet med lova var å opne for at vener kan spele saman i sosiale lag i den private heim.

Det stilles ikkje krav til at spelarane må være i nær omgangskrets med alle deltakarane. Dersom for eksempel ein deltakar tar med ein ven som ikkje kjenner alle andre deltakarane, vil dette likevel vere eit lovleg pokerlag.

c) Spelet må ikkje ha eit organisert eller profesjonelt preg

Dette vilkåret forbyr etablering av speleklubbar, større turneringar og arrangement i private heimar, organisering av poker med arrangør og liknande.

2. Ytterlegare grenser slått fast i forskrift

Lova gir myndigheitene moglegheit til å fastsetje grenser for tal deltakarar, aldergrense for deltaking og beløpsgrenser for innskot i forskrift. Slike grenser er satt opp i forskrift om lotteritilsynet og lotteriregisteret m.m. §5-3.

a) Høgste innskot per deltakar er 1000 kroner per spelekveld (samankomst)

Kvar deltaker kan tape inntil 1000 kroner på ein spelekveld. Tapsgrensa blir ikkje utvida sjølv om spelekvelden held fram over midnatt. Grensa er personleg og kan ikkje overførast til andre spelarar.

b) Maksimalt tal deltakarar er ti personar

Dette gjeld alle personer som deltar med innskot i spelet.

Det vil ikkje vere mogleg å supplere med nye spelarar for eksempel når enkeltspelarar ryk ut av ei turnering.

Det er vidare sett ei aldersgrense på 18 årforbod mot spel på kreditt og eit forbod mot at gjennomføringa av pokerspelet kan overlatast til ein medhjelpar mot betaling (for eksempel kortutdelar).


Ta kontakt med oss i Lotteritilsynet dersom du har ytterlegare spørsmål knytt til private pokerlag
.