Reglane om nedsetjing av grunnkapitalen følgjer av stiftelseslova § 17, og slik er saksgangen:

  1. Styret gjer vedtak om å setje ned grunnkapitalen. Vedtaket må ikkje stri mot formålet til stiftelsen, vedtektene eller opprettaren sine føresetnader elles.
  2. Dersom beløpet skal overførast til annan eigenkapital, må stiftelsen varsle kreditorane før kapitalnedsetjinga kan tre i kraft. Då gjeld reglane i aksjelova § 12-6.
  3. Styret melder kapitalnedsetjinga til Stiftelsestilsynet, eventuelt Føretaksregisteret, innan seks veker etter styrevedtaket. Dersom dette ikkje blir gjort, er ikkje kapitalnedsetjinga gyldig.

Meldinga til Stiftelsestilsynet må innehalde desse vedlegga:

Dersom beløpet som grunnkapitalen blir sett ned med, skal brukast til å dekkje tap, trer kapitalnedsetjinga i kraft når meldinga til Stiftelsestilsynet (eventuelt til Føretaksregisteret) er registrert.

Tips

Sjå våre hjelpeskjema og malar for oversikt over nødvendige vedlegg til melding om kapitalendringar, rettleiingar, og malar/forslag til styreprotokollar i samband med ulike typar kapitalendringar.

Har du fortsatt spørsmål? Gå til “spørsmål og svar”, eller ta kontakt.