Samanslåing av stiftelsar må godkjennast av Stiftelsestilsynet. Samanslåing blir rekna som omdanning, og det er difor reglane i kapittel 6 av stiftelseslova som gjeld.

Eit vedtak om omdanning kan gå ut på at to eller fleire stiftelsar slår seg saman til ein ny stiftelse. Det kan også gå ut på at ein eller fleire stiftelsar overdreg sine eigedelar, rettar og pliktar som heilskap til ein annan eksisterande stiftelse.

Kva gjeld søknaden?

Vi skil mellom pengeutdelande stiftelsar og ikkje-pengeutdelande stiftelsar.

Dersom det i samband med samanslåing skal opprettast ein ny stiftelse, må dette gjerast før samanslåinga kan registrerast. Du finn meir informasjon om dette under opprett ny stiftelse.

Sjå våre hjelpeskjema/malar for å finne ulike malar og dokument som du kan bruke ved samanslåing av stiftelsar.

Søk om samanslåing (via Altinn)

Dersom du ikkje tilgang til Altinn, kan du framleis sende søknad til postmottak@lottstift.no eller til
Stiftelsestilsynet, Postboks 800, 6805 Førde.

Les meir om vidare saksgang ved samanslåing.

Har du fortsatt spørsmål? Gå til «spørsmål og svar», eller ta kontakt.