Eit vedtak om omdanning kan gå ut på at to eller fleire stiftelsar slås saman til ein ny stiftelse. Det kan også gå ut på ein eller fleire stiftelsar overdreg sine eigedelar, rettar og pliktar som heilskap til ei anna eksisterande stifting.

Vilkår for samanslåing

Vilkåra for samanslåing står i stiftelseslova § 46§ 47 og § 53. Når du grunngir søknaden er det difor viktig å vise at vilkåra i lova er oppfylte.

For stiftelsar med kreditorar og tilsette kan Stiftelsestilsynet krevje at styra i kvar av stiftelsane skal utarbeide ein skriftlig rapport om samanslåinga og kva den vil bety for stiftelsen, kreditorane og dei tilsette. Vi kan også krevje at det blir utarbeidd reviderte mellombalansar for stiftelsane. Dersom det er behov for rapport og mellombalanse, vil stiftelsen få tilbakemelding om dette.

Skriftleg rapport og mellombalanse skal utarbeidast dersom stiftelsen har tapt eigenkapitalen sin, eller det har skjedd andre hendingar som kan ha betydning for vurderinga av om samanslåinga er hensiktsmessig.

Samanslåing av stiftelsar med ulikearta formål

For samanslåing av pengeutdelande stiftelsar med ulikearta formål gjeld særlege vilkår, i tillegg til dei generelle vilkåra nemnde framfor. Nærmare om Stiftelsestilsynet sin praksis, og dei særlige vilkåra for samanslåing av stiftelsar med ulikearta formål, kan du lese i dette notatet (PDF).

Oppretting av ny stiftelse

Dersom det i samband med samanslåing skal opprettast ein ny stiftelse, må dette gjerast før samanslåinga kan registrerast. Du finn meir informasjon om dette under Opprett ny stiftelse.

Sjå våre hjelpeskjema/malar for å finne ulike malar og dokument som du kan bruke ved samanslåing av stiftelsar.

Søk om samanslåing (via Altinn)

Dersom du ikkje tilgang til Altinn, kan du framleis sende søknad til postmottak@lottstift.no eller til
Stiftelsestilsynet, Postboks 800, 6805 Førde.

Les meir om vidare saksgang ved samanslåing.

Har du fortsatt spørsmål? Gå til «spørsmål og svar», eller ta kontakt.