Ein stiftelse er formuesverdi som ved testament, gåve eller annan rettsleg disposisjon blir stilt sjølvstendig til rådvelde for eit bestemt formål. Formålet kan vere av ideell, humanitær, kulturell, sosial, utdanningsmessig eller økonomisk art.

Ei rettsdanning som oppfyller desse vilkåra, er ein stiftelse uavhengig av om den blir omtalt som legat, institusjon, fond eller anna. Sjølv om det ikkje går fram av stiftelseslova, gjeld i tillegg eit vilkår om at stiftelsen må vare ei viss tid.

Ingen eigarar

Kjernen i stiftelsesomgrepet – det som skil stiftelsar frå andre rettsdanningar – er at formuen må vere stilt sjølvstendig til rådvelde for formålet (sjølvstendekravet). Ein stiftelse har ingen eigarar. Stiftelsen er eit sjølveigande rettssubjekt. Ein stiftelse har derfor heller ikkje medlemmer med organisatoriske rettar.

Opprettar gir frå seg råderett

Av sjølvstendekravet følgjer også at opprettar ikkje lenger har rådvelde over formuesverdien som er overført til stiftelsen. Det kan ikkje gjerast utdelingar til opprettaren, til opprettaren sine nærståande eller til selskap der nokre av desse kvar for seg eller til saman har avgjerande innverknad. Dersom det ligg føre særlege grunnar, kan Stiftelsestilsynet gjere unntak frå dette utdelingsforbodet.

Har du spørsmål? Gå til «spørsmål og svar», eller ta kontakt.

Fakta om norske stiftelsar

Norske stiftelser er ein betydeleg bidragsyter til samfunnet. Dei siste åra er rundt tre milliardar kroner per år delt ut til samfunnsnyttige formål. Forsking er den sektoren som får mest pengar, men også kultur, utdanning og sosiale formål er store mottakarar av pengar frå norske stiftelsar.

Vi fører tilsyn og kontroll med norske stiftelsar, bortsett frå sparebank- og finansstiftelsar. Du kan søkje på fakta om norske stiftelsar i Stiftelsesregisteret.