Ein stiftelse kan i utgangspunktet opprettast dersom ein formueverdi på minst 100 000 kroner blir stilt sjølvstendig til stiftelsens råderett, og stiftelsen har eit bestemt og langvarig formål.

Slik oppretter du ein stiftelse

Skal du opprette og få registrert ein stiftelse må du utarbeide følgjande dokument:

  • Stiftelsesdokument (ev. testament)
  • Vedtekter
  • Revisorerklæringar
  • Opningsbalanse

På sida hjelpeskjema og malar får du oversikt over kva innhald du treng i vedlegga som er kravd for å registrere stiftelsen. Der finn du også eksempel på malar du kan bruke for dokumenta ved opprettinga.

Tidspunkt for opprettelse og registrering

Stiftelsar blir rekna som oppretta når stiftelsesdokumentet er klart. Dersom stiftelsen er etablert ved testament, blir testamentet sett på som stiftelsesdokumentet og stiftelsen blir rekna oppretta på tidspunkt for dødsfall.

Alle stiftelsar skal registrerast i Stiftelsesregisteret, og det er styret som er ansvarleg for å melde registrering innan tre måneder etter oppretteinga. Stiftelsestilsynet vil etter mottatt melding også registrere eldre, tidlegare uregistrerte stiftelsar.

Registreringa skal meldast via samordna registermelding i Altinn. Brønnøysundregistrene vil då tildele stiftelsen eit foreløpig organisasjonsnummer før dei sender alle dokumentene vidare til Stiftelsestilsynet for behandling.

Registrér ny stiftelse (via Samordnet registermelding i Altinn)

Dersom du ikkje har tilgang til Altinn, kan du  sende papirsøknad til Brønnøysundregistrene, men då må du rekne med lenger saksbehandlingstid. Bruk i tilfelle skjemaet «Samordna registermelding» som du finn på Brønnøysundsregistrene sine nettsider.

Har du fleire spørsmål om å opprette en stiftelse? Sjå ofte stilte spørsmål og svar om temaet, eller kontakt oss her.