Når de skal søkje om momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg, må revisor både kontrollere og rapportere.

regnskapInformasjon til revisor

Kontrollere

  • Kommunen sin revisor skal gå gjennom og kontrollere anleggsrekneskapane. Kontroll av rekneskap for anlegg med spelemiddeltilskot på inntil 400 000 kroner kan likevel gjerast av ein annan revisor, f.eks. organisasjonen sin tillitsvalde revisor.
  • Revisor skal kontrollere at meirverdiavgifta det blir søkt om kompensasjon for, gjeld anleggselement som gir rett til tilskot.
  • Revisor skal også kontrollere at eventuell meirverdiavgift som gir rett til frådrag gjennom det ordinære mva-systemet, ikkje er med i søknadsbeløpet.

Rapportere

  • Rapporten (basert på “Avtalte kontrollhandlinger” i ISRS 4400) og rekneskapssamandraget som revisor skal attestere, er dei same som blir brukte i samband med utbetaling av spelemiddeltilskot. De treng derfor ikkje lage eigne rapportar når de søkjer om momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg.

Meir informasjon om krav til rekneskap og kontroll av rekneskap finn du i regelverket frå Kulturdepartementet (opnar i nytt vindauge):