Frivillige støttegrupper for speleavhengige, og andre organisasjonar som særleg rettar verksemda mot problematisk speleåtferd, kan søkje om økonomisk støtte.

Søknadsfrist er 31. januar 2018.

Regjeringas handlingsplan

Eitt av måla i Regjeringens handlingsplan mot spilleproblemer for 2016-2018 (PDF) er tidleg identifisering og god behandling av problematisk speleåtferd. Frivillige støttegrupper er eit viktig lågterskel hjelpetilbod til menneske som opplever speleproblem. Støttegrupper bidreg saman med hjelpeapparatet og offentlege myndigheiter med å førebyggje problem og redusere skadeverknader. I tillegg har også andre organisasjonar særleg aktivitetar innafor sine område med målsetjing om å hjelpe, førebyggje eller informere om speleproblem. Det er viktig at frivillige organisasjonar med god kjennskap til feltet kan setje i gang aktiviteter basert på eigne erfaringar.

Desse kan søkje

Følgjande grupper kan søkje om drifts- og/eller prosjekttilskot:

  • Frivillige støttegrupper som har eit tilbod retta mot speleavhengige eller andre med problematisk speleåtferd.
  • Frivillige støttegrupper som har eit tilbod retta mot pårørande til speleavhengige
  • Andre organisasjonar som arbeider med problemstillingar knytta til speleavhengighetsproblematikk / problematisk speleåtferd.

Pengespel og dataspel

Tilskotsordninga gjeld for både pengespel og dataspel, og vi skiljer mellom drifts- og prosjektstøtte. Frivillige organiserte støttegrupper eller andre organisasjonar som berre arbeider med problematisk speleåtferd er eit godt supplement til helseapparatet og offentlege myndigheiter. Desse kan få økonomisk driftstøtte.

Frivillige organisasjonar som arbeider særleg med problematisk speleåtferd, der målet med konkrete aktivitetar er å bidra til å hjelpe, førebyggje eller på anna måte gjere kunnskap om speleproblem kjent, kan søkje om prosjektstøtte. Prosjektstøtta er ei eingongstildeling.

Krav til søknad

Søkjar må gjere greie for støttegruppa eller organisasjonen sin aktivitet eller mål, og kva eit tilskot skal brukast til. Organisasjonen må være registrert i Enhetsregisteret eller tilsvarande register. Det må gå tydeleg fram om det blir søkt om driftsstøtte eller prosjektstøtte. Siste godkjende årsmelding og rekneskap må leggast ved søknaden. I tillegg kontoopplysningar og eventuell anna dokumentasjon av organisasjonen si verksemd, som for eksempel vedtekter. Dersom søkjar har fått tilskot tidlegare, skal rapport om bruken av desse midlane leggjast ved søknaden.

2,2 millionar i 2018

For 2018 blir det lyst ut 2,2 millionar kroner. Lotteritilsynet legg til grunn at det kjem inn eit tilstrekkeleg antal søknader, og at det er stor nok breidde i søknadene for at heile potten kan tildelast.

Tildeling

Ved tildeling vil Lotteritilsynet vurdere kva søkjarar som fyller krava i Forskrift om tilskudd til frivillige organisasjoner som arbeider med problematisk spilleatferd. I tillegg vil vi legge vekt på evne til gjennomføring av tiltaket det blir søkt om og tiltaket si målgruppe. Det kan også vere aktuelt å avkorte søknadsbeløp dersom kvalifiserte søknader er større enn den totale råma for tildeling.

Merk søknaden med «Drifts/prosjekttilskot 2018» og send den til: Lotteri- og stiftelsestilsynet, Postboks 800, 6805 Førde eller til postmottak@lottstift.no.

Søknadsfrist er 31. januar 2018.