Her finn du nøkkeltal for for bingo med medhjelpar, bingo utan medhjelpar og radio/tv-bingo for 2024.

To typar bingo i Norge
  • bingo med medhjelpar – medhjelparen står for drifta av bingoen og overskotet går til lag og foreiningar
  • bingo utan medhjelpar – lag og foreiningar driftar bingoen sjølv, inkludert radio/tv-bingo

Les meir om bingo med og utan medhjelpar.

Bingo med medhjelpar

I oversikta finn du statistikk for 2024 for bingo med medhjelpar. Dette er bingo der profesjonelle medhjelparar driv bingo i eigne lokale (bingohallar), og betaler ut overskot frå spel til ulike lag og organisasjonar. Oversikta for 2024 er basert på bingorekneskap frå 198 bingohallar.

Sjå oversikt over korleis bingopengane er fordelt på formåla.

Type spel Brutto
omsetning
Gevinst Gevinst
prosent
Netto
omsetning
Til formål* – av netto
omsetning
Totalt bingo 4 6153 71880,6 %89622425,0 %
Hovudspel 1 19285571,7 %33756,516,7 %
Sidespel(databingo)3 4222 86383,7 %55916730 %
Belago1 9321 80593,4 %1263830 %
* I denne tabellen er utbetalt til formål frå hovudspel og sidespel oppgitt før fråtrekk av gebyr for bingoløyve.

I excel-arket i lenka nedanfor finn de meir detaljerte tal om tabellen, oversikt over utbetaling til alle lag og organisasjonar og rekneskapstal fordelt på bingoentreprenørar og bingohallar i 2024. Det var gitt 209 løyve til bingo utan medhjelpar i 2024, og løyva vart fordelte på 198 bingohallar.

Last ned oversikt over alle medhjelparane og rekneskapa til bingohallane.

Bingo med medhjelpar omsette for 4,6 milliardar kroner i 2024. Av det kom 1,2 milliardar frå hovudspel, og 3,4 milliardar kroner frå sidespel (databingo).

Det vart overført 224 millionar kroner til 2 844 organisasjonar. Det er etter fråtrekk av gebyr for bingoløyve. 2 763 organisasjonar fekk til saman utbetalt 38,0 millionar kroner frå Belago.  

Nøkkeltal over tid for bingo med medhjelpar

Profesjonelle aktørar driv bingo i eigne lokale og overfører overskotet frå spelet til lag og organisasjonar. Oversikt over godkjente formål finn du i Pengespelregisteret.

Radio/tv-bingo

Total omsetnad for radio/tv-bingo er i 2024 er 80,7 millionar kroner. 50 kringkastarar mottok inntekter frå radio/tv-bingo.

Det blei gitt 59 løyve til radio/tv-bingo og det et er levert inn 57 rekneskap. Ein kringkastar gav tilbakemelding om at dei ikkje har tatt i bruk løyvet og ikkje har rekneskap å sende inn, ein anna kringkstar har ikkje levert rekneskap.

Omsetningstala er derfor basert på 57 innleverte bingorekneskap. 

Last ned tal frå radio/tv-bingo i 2024.

Bingo utan medhjelpar (foreiningsbingo)

Total omsetnad for bingo utan medhjelpar er 23,1 millionar kroner i 2024.

Det blei gitt 70 løyve til bingo utan medhjelpar i 2024. Fleire organisasjonar arrangerer bingo saman. Difor blei løyva til saman fordelt på 45 fellesskap. Dette blei tidlegare kalla spel i pott.

66 har levert bingorekneskap for 2024. To løyver har ikkje levert bingorekneskap for 2024, trass purring.

Organisasjonar som ikkje leverer inn rekneskap etter avslutta løyve, får godkjenninga si kalla tilbake.

66 organisasjonar har mottatt overskot frå bingo utan medhjelpar.

Last ned omsetningstal for bingo utan medhjelpar og oversikt for utbetalingar til formål her.

Utvikling i bingo utan medhjelpar og radio tv-bingo

Bingo utan medhjelpar er arrangement der lag og foreiningar sjølv står for gjennomføringa av spelet. Dei fleste slike bingoar er omtala som foreiningsbingo eller bygdebingo. I tillegg er også bingo gjennom lokalradio og lokalfjernsyn rekna med i utviklinga.

For meir detaljert oversikt over bingostatistikk tilbake i tid, sjå årsstatistikk frå norske lotteri og pengespel.